Nynorsk i retten gav pris
Asbjørn Nes Hansen har fått Nissedal Mållag sin målpris fordi han i sitt arbeid som lagdommar i Agder lagmannsrett bevisst har nytta nynorsk i rettspapir og daglegtale. Tildelinga skjedde på bygdekvelden i Nissedal Gjestestoge fredag.
Bygdekvelden i år hadde ikkje så stort frammøte som føregåande år, og det gode vêret kan nok ta litt av skulda for det. Likevel var det mange som hadde møtt fram for å få med seg underhaldning og god mat. Kvelden opna med « dialektgruppa frå Nissedal», fem ungdomar som framførte ein flott fleirstemt song på dialekt.
Arrangørane for kvelden var Nissedal Mållag og Nissedal Bygdekvinnelag. Allereie i fjor hadde dei ein klar plan for kven dei ynskte som underhaldar i år. Knut Buen var henta frå Tuddal for å underhalde. Tuddølen er ein meister i munnleg forteljarkunst, like mykje som ein meister med bogen. Fabelaktige hermer etter Jørgen Tjønnstaul fekk latteren til å spreie seg hos tilhøyrarane, og skråblikk frå spelemannen kunne gje mangt til ettertanke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein får ofte høyre at me bur i utkanten. Korleis kan det ha seg? Me bur på ei kule, og kor finn ein utkanten på ei kule? Då bur i så fall alle saman på denne jorda i utkanten, resonnerte Knut Buen seg fram til.
Fekk pris for nynorskbruk
Nissedal Mållag gav i år prisen til Embetsleiar/fyrstelagmann ved Agder Lagmannsrett Asbjørn Nes Hansen frå Treungen. Leiar av Nissedal Mållag, Harald Valle, kunne fortelje at Nes Hansen fekk prisen for å ha nytta nynorsk i embetet sitt og for å halde godt på dialekten sin. Nes Hansen har vore dommar i mange rettssaker, og i den mest profilerte saka, «Baneheiasaka», sytte han for at heile dommen blei skriven på nynorsk.
¬ Slik kom rettspapir på nynorsk ut over heile landet, og det er unikt, seier Harald Valle.
Prisen blei overrekt av ordføraren i Nissedal, Anne-Nora Oma Dahle. Ho peikte på at me alle har eit ansvar for å ta vare på nynorsken og dialekten.
Me treng rollemodellar for den neste generasjonen, og ein som har særskild merkt seg ut som ein som stolt viser fram språket sitt er Asbjørn Nes Hansen, sa ordføraren under overrekkinga av diplomet.
Eg blei verkeleg glad for å få denne prisen, og den har eg fått berre for å bruke målet mitt. Eg vil sei som Aasmund Olavsson Vinje: « meir eg fekk enn eg hadde fortent» , sa ein glad prisvinnar etter utdelinga.