Den 32. utgåva av «Gamalt frå Kviteseid» har kome ut.
Den 32. utgåva av «Gamalt frå Kviteseid» har kome ut.

Nytt Gamalt frå Kviteseid

Kviteseid historielag gjev i år ut sin 32. utgåve avGamalt frå Kviteseid. Også i år byr årsskriftet på eit mangfaldig utval av historier frå kommunen.

I stykketSlik møtte eg Vrådal i 30-åra fortel Einar Sollie korleis det var å flytte frå Tingvoll på Møre til Vråliosen som nyutdanna lærar på trettitalet. Om det fyrste møtet skriv Einar Sollie:  

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hadde vorte noko utpå kvelden, og det tok til å mørkna, så det såg litt stusseleg ut. (…) Eg tykte det var bratt og kronglut opp kleivane frå Bandaksli, heilt ukjend som eg var.

Kaldt kunne det også vera i Vråliosen, Sollie skriv:

Når minusgradene seig ned mellom tjue og tretti, ynskte eg nok at eg hadde vore i eit varmare land. Verst var det om natta etter at varmen hadde gått ut or omnen. Men eg fann på råd – når det nærma seg sengetid, så kledde eg på meg.

Årsskriftet byr elles mellom anna på historia om Brokefjell hotell, barndomsminne frå Bergsto og eit stykke med den interessante tittelenRumpetroll-forskaren frå Fjågesund.