O-løp og språkleg knefall

Ytring

For ein som var med i Høydalsmo og Rauland då Sørlandsgaloppen i orientering starta for 50 år sidan og som har sprunge o-løp mest heile livet er det flott at Rauland no har hatt tusenvis av o-entusiastar på vitjing i fleire dagar.

Men kva slags språk er det som møter gjestene i Vinje og Rauland på internett, på heimesidene til Vinje kommune? Slår ein opp på Visit Rauland så blir dei fleste stadene og aktivitetane presentert på bokmål! Ein skulle tru ein var i Oslo og ikkje på Rauland!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei side som har fått namnet «Det går an på Rauland» presenterer Rauland som om det var ei rein bokmålsbygd. Og argumentet frå eindel i styret i Visit Rauland er at ein må bruke bokmål fordi DANSKANE ikkje skjønnar nynorsk. Men då blir spørsmålet: er det igjen danskane som skal styre språkbruken på Rauland og i Vinje?

Vinje kommune, som vel framleis er ein nynorsk kommune (?) og som er største eigaren innan Visit Rauland bør kunne sette krav som viser kva som er det ofisielle språket i desse bygdane. Og dersom turistnæringa og andre treng hjelp for å skrive eit ledig nynorsk (istadenfor det stive bokmålet ein ofte ser i dag) så kunne vel Vinje kommune bruke den nye kulturkonsulenten dei no lyser etter til å drive aktivt målarbeid, for det trengst.

Og nynorsken og aktiv språkrøkt i regionen er òg viktig for å styrke og halde på Vest-Telemark-dialekten, ein dialekt dei fleste av oss både er glade i og får mykje ros for når me er ut i «verda». Det er godt å kunne sei «Vest-Telemark» når nokon spør kor du er frå!

Turistnæringa, som brukar lokal kultur for alt det er verdt i marknadsføringa, tyner det viktigaste kulturmerket, språket, i heile Vest-Telemark. Og det bør kommunane og interkommunalt arbeid gjera noko aktivt med. Kommunane brukar millionar av kroner på kultur, og då må og det viktigaste kulturmerke, språket og dialektane, få noko av denne innsatsen. For Vest-Telemark-dialektane og nynorsken heng nære saman. Tyner du det eine så tyner du og det andre.

Olav Høgetveit

«Sak: «Ship to Gaza – eit realt bomskot»» Fleire ytringar på side 18.