Oberstløytnant kan bli ny Seljord-rådmann
Administrasjonsutvalet i Seljord kommune ynskjer Thomas H. Gundersen (39) som ny rådmann i kommunen.
Eit samla administrasjonsutval i Seljord kommune har berre eitt namn i innstillinga til kommunestyret som neste torsdag skal tilsette ny rådmann. Thomas H. Gundersen er 39 år, busett i Stavern, og jobbar som skulesjef/oberstløytnant ved Forsvarets sanitetsskule.
12 personar søkte på den ledige jobben som rådmann. 8 av desse gjekk vidare til fyrste intervjurunde. Til finaleveka stod det att 4 kandidatar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har hatt mange gode kandidatar. Det har vore ein spennande og krevjande prosess, seier ordførar i Seljord, Halfdan Haugan.
Han legg til at dei tilsette og leiargruppa har vore med å diskutert kriterium for kva som er viktig i tilsetjing av ny rådmann.
Gundersen blir – om han får jobben – «kapteinen på skuta» i ein organisasjon med 350 tilsette.
Kommunen rekrutterte også frå Forsvarets rekkjer sist det var ledig fast jobb som rådmann. Per Dehli blei tilsett i 2009. Han hadde permisjon i to år, og sa opp jobben i januar i år.