Når han er heime reiser Nils Johan Garnes Svalastog stadig rundt i landet for å tilby olivenoljene til butikkar. Jacobs på Nordstrand i Oslo har han alt overtydd og får høve til sjølv å stå i butikken denne fredagen.
Olivenbonden ved Grungebru
Nils Johan Svalastog Garnes (36) er avhaldsmannen som blei frelst av olivenolje. No tek han med seg sin italienske partner og satsar i Vinje.
– Denne har me laga sjølv. Pressa oliven og tappa på olivengarden vår utanfor Napoli.
Han opnar olivenolje-flaska, hell oppi eit plastbeger og fortel om prosessen til ei middelaldrande dame med tom handlevogn. Nils Johan Svalastog Garnes står på mathuset Jacobs på Nordstrand i Oslo. Ein bydel som ikkje ligg vest i Oslo, men likevel er det ein ser for seg når ein tenkjer vestkant i hovudstaden.
Mannen me skal bli betre kjent med har sett opp sine eigne olivenolje-flasker saman med litt brød på eit lite bord framfor kjøtdisken i delikatessebutikken. Han er på Oslo-tur for å selje og promotere dei to sortane olivenolje han og sambuaren produserer sjølve i Italia. Etter berre eit par minutt i butikken kan Nils Johan sjå den fyrste flaska forsvinne ned i handlekorga til den svært olivenoljeinteresserte kvinna.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP