Om å dra på åra
Heile landet har for tida søkjeljos på førebyggjande helsearbeid for både uge og eldre. Det same gjeld i Tokke, og torsdag var ein gjeng godt vaksne samla til både teori og praksis.
– Me har slike samlingar to gonger i året. Det er viktig for oss å ha eit godt samarbeid med pensjonistlaga og dei eldre i kommunen, slik at me saman kan skape dei gode møtestadene og dei gode opplevingane for folk flest. Me ser vel at tenestenivået innan helse- og omsorg kan bli noko redusert framover, så derfor handlar det om å kome best mogleg ut av det, innleidde Ann Wraa, helse- og omsorgssjef i Tokke kommune.
Ho viste også til samfunnsdelen i kommuneplanen, som mellom anna seier at kommunen skal leggje til rette og styrkje innbyggjaranes kvardagsrehabilitering, at dei kan bli meir sjølvhjelpne og at det blir skapt gode uteområde med universell utforming.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ordet gamal som heidersomgrep
Lege Gunnar Grøstad Johnson heldt føredrag om å dra på åra, og kva ein bør tenkje på i den samanhengen.
– Mitt yndlingstema er helse, og eg vil gjerne nytte høvet til å bruke ordet gamal som eit heidersomgrep, sa han.
Johnson var oppteken av å snakke om situasjonar som eldre menneske, dei over 65 år, ofte kjem opp i med tanke på helse.
– Ein tredel av alle over 65 år opplever å falle minst ein gong i løpet av året. Eit fall kan i mange høve føre med seg brotskadar. Det kan vere mange årsakar til at me ramlar, og medisinbruk kan vere ein av dei. Det er om å gjere å finne rette balansen om ein må nytte medisin, fortalde Johnson.
Han meinte at ideala i samfunnet har gjort at med eldast seinare i dag enn for hundre år sidan.
– Det går vel ikkje særleg nedover med oss før fylte 65 år, smilte han.
– Mykje handlar om å eldast med stil. Det betyr for meg at me skal leve i rett tempo, ete rett, tilpasse eventuell medisinering, og ikkje minst akseptere seg sjølv og situasjonen ein er i. Og dermed leggje til rette for det, meinte han.
Gode tips
Dei frammøtte seniorane hadde mange innspel til korleis ein kan sikre seg mot fall og fallskadar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein bør prøve å unngå filleryer på golvet, dei er lette å snåve i. Og så bør ein gjere litt morgongymnastikk kvar dag, sa Ingebjørg S. Vistad.
– Solide rekkverk i trappene er viktig, sa Lisette Haukelisæter.
– Ein bør trene armar, hendar og fingrar slik at ein er betre rusta til å ta seg føre og halde seg fast, meinte Olav T. Haugo.
Astrid Hegglid er ergoterapeut i Tokke. Ho peikar mellom anna på overmøblering, lause handtak og leidningar som utfordringar i kvardagen.
– I tillegg bør ein tenkje på korleis ein plasserer det ein brukar mest. Til dømes det ein har i kjøkkenskåp. Det er ikkje smart å klive. Andre løysingar, som plassering av ljosbrytar på soverom og slike praktiske ting, kan det også vere lurt å sjå på, smiler ho.
Deltakarane på samlinga får prøve seg på forskjellige praktiske øvingar der mellom anna balanse og styrke er tema. Under kyndig rettleiing av kommunefysioterapeut Åse Drevsjømoen og ergoterapeuten utfører dei øvingane.
Sprekingar
Nokon er naturleg nok sterkare og sprekare enn andre, men alle prøvar seg fram.
Olav T. Haugo frå Byrte blir 80 i september. Han tek både armhevingar og planken utan problem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre står på balanseputer, medan nokon kastar ball til kvarandre. Styrketrening med tau og vekter står også på programmet.
– Eg spela handball i yngre dagar, så eg likar godt å kaste ball. Men det er ei tid for alt, smiler Ragna Kloster.