Politikarane i Kviteseid måtte nok ein gong behandle saka om kommunesamanslåing på møtet torsdag.
Politikarane i Kviteseid måtte nok ein gong behandle saka om kommunesamanslåing på møtet torsdag.

Om att og om att og om att

For tredje gong hadde politikarane i Kviteseid kommune kommunesamanslåing i Vest-Telemark opp som sak.

Kviteseid kommunestyre har hatt eitt ynskje om å greie ut heile Vest-Telemark som éin kommune, men fleirtalet av politikarar i Vinje, Tokke og Fyresdal har no gjeve klar beskjed om at det ikkje er eit alternativ. Dermed måtte saka tilbake til kviteseidpolitikarane, fyrst i februar, og no att i mai.

Nissedal og Seljord har laga eit vedtak som gjer at ei utgreiing mellom dei og Kviteseid er mogeleg. Då er det dei som står att som eventuelle kandidatar til eit forprosjekt om kommunesamanslåing for Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det går fort

Rådmann i Kviteseid, Øystein Tveit, understreka at det går fort mot mai 2016 når kommunestyret skal vedta framtidig kommunestruktur.

– Det me har gjort så langt er å utelukke alternativ. Det er viktig å koma i gang med arbeidet om me skal ha eit godt grunnlag for eit eventuelt ja eller nei til neste vår, sa Tveit.

At saka nok ein gong var på bordet fann Tarjei Gjelstad (Ap) frustrerande.

– Det er tredje gongen me har dette til behandling, og ingenting skjer. Eg ivrar ikkje etter kommunesamanslåing, men eg ivrar etter svar, sa Gjelstad, og føreslo ein rundare formulering av vedtaket for å sleppe ei fjerde runde.

Politikarane kunne til slutt einast om at dei ynskjer ei utgreiing som omfattar tre punkt: oppretthalde dei kommunane som ynskjer det med meir interkommunalt samarbeid, utgreiing av ei samanslåing av Kviteseid, Nissedal og Seljord, og eit forprosjekt som greier ut andre moglege kombinasjonar av samanslåing mellom kommunar i Vest-Telemark.

Kommunestyret sette samrøystes også ned ein forhandlingsutval med ordførar og opposisjonsleiar som faste representantar, med varaordføraren som vara.