Forfattar Åsta Østmoe Kostveit med bok om helleristningene på Sporanes. (Privat foto)
Forfattar Åsta Østmoe Kostveit med bok om helleristningene på Sporanes. (Privat foto)

Om helleristingene i Rauland på Telemarkstunet

Kva er historia bak helleristningene på Rauland? I Gardsjordstoga i samband med jolemarknaden på Telemarkstunet vil forfattar Åsta Østmoe Kostveit sundag fortelje og vise bilete på skjerm frå boka om Sporanes, helleristninger i Rauland. Arkeologane seier at helleristningene på Sporanes er unike. Kvifor er dei det? Kor gamle er dei, og kvifor blei desse figurane laga? Og vil dei etter kvart bli borte for godt? Utgjevar av boka er Rauland Historielag, som vil selje boka.

Elles byr jolemarknad denne helga på mykje fin keramikk på låven, mellom anna fargeglade koppar med prikkar. Sjur Bakar skal starte tidlegare om morgonen og bake opp meir slik at det bli nok til alle, og Torbjørn bakar kling og flatbrød på spreng. I Kafé Årestoga får du kjøpt heimelaga småkaker. Jolemarknaden vil vera open denne helga og to helger framover.