Ønskjer tre felt på ulykkesstrekning
Etter synfaringa med Vegvesenet på strekninga frå Åmot til Vinje kyrkje, vart det spelt inn fleire tiltak som skal betre tilhøva på strekninga.
Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven var nøgd etter synfaringa der både representantar frå kommune, fylke og politi var til stades.
Han fortel om fleire framlegg som vart drøfta og som Vegvesenet var positive til å arbeide vidare med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var eit godt og konstruktivt møte, der me var einige om verkelegheita for denne utsette strekninga. Omfanget av ulykker, og særleg på vinterstid i svingen opp frå Vinje kyrkje og Kjeringdalen gjer dette til ein flaskehals, seier Kleven.
Blant konkrete framlegg som vart drøfta var ei tredje fil i austgåande retning.
– Det mest konkrete framlegget var å skyte vekk noko fjell og lage tre felts veg. Slik at det vart to felt opp bakken og eit såkalla krabbefelt for tungtrafikk, seier Kleven.
Skilt og kjettingplass
– Andre framlegg var å auke vintervedlikehaldet og å skilte betre. Å lage ein kjettingplass ved avkøyrsla til Byrte vart også diskutert, seier Kleven.
– No er det Vegvesenet som skal finne ut kva dei kan få til, og dei som skal kome med framlegg om kva ein skal gjere vidare, seier Kleven.
Den nordre traseèn som er vedteken, men som enno ikkje er inne i Nasjonal Transportplan (NTP) ligg for langt framme i tid. Her må det gjerast noko nå, for ein kan ikkje ha det slik, meiner ordføraren.
– Ei justering av fartsgrensene og betre ljossetting vart også diskutert, men det er også viktig å ikkje gløyme ansvaret til både bilistar og lastebilsjåfør. Trafikantane har eit stort ansvar for å køyre etter forholda, presiserer Kleven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seint, men godt
Børge Skårdal er dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS og var også med på synfaringa. Han meiner møtet med Vegvesenet var positivt, og er glad for signala som kom.
– Ein må rekne med at dette framleis blir Europavegen også dei neste 15 til 20 åra. Den nye trasèen mellom Flatdal og Grungedal er enno ikkje godkjent av regjeringa og ligg ikkje inne i NTP, seier Skårdal.
Han seier det har teke litt lang tid, men understrekar at han er veldig nøgd med at arbeidet med utbetringane no er i gang.
– Det er viktig at prosjektet ikkje blir dyrare enn at ein kan få det gjennomført i overskodeleg framtid. Samstundes må den ha den effekten for framkomelegheita som ein ynskjer. Eg har trua på at desse tiltaka vil løyse ein del problem, seier Skårdal.
Står ikkje på viljen, men pengane
Tore Kaurin, avdelingsdirektør i Vegvesenet var med på synfaringa, og seier det ikkje står på viljen, men økonomien.
– Nå skal Vinje kommune kome med sine framlegg, og så skal me gjere våre kostnadsvurderingar. Me får ikkje gjort alt me ønskjer på grunn av budsjettet, men me ser at det er eit stort behov på strekninga, seier Kaurin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han seier dei har klare økonomiske avgrensingar og at det ikkje ligg inne noko investeringspengar frå staten nå, men at dei skal sjå kva dei kan få til på budsjettet for trafikksikringstiltak.
– Betre skilting og trafikkljos kan ein få sett av pengar til relativt fort, sjølv om det praktiske ikkje kan bli utført før til våren, seier han.
Kaurin seier det kan ta lengre tid å finne ut om det er pengar til tyngre anleggsarbeid på strekninga.
– Me ser absolutt behovet for større inngrep på vegen med høve til dei krappe svingane. Men me får sjå kva me kan få til med det budsjettet me har, held han fram.