Knut Våmartveit hadde teke turen til vintermarken med eit utval knivar.
Knut Våmartveit hadde teke turen til vintermarken med eit utval knivar.

Ønskte velkomen til hobbymarknad

Då Ruth Magnushommen frå Dalane i Kviteseid såg at det var ledige lokale i Kviteseidbyen tok ho kontakt med huseigar for å høyre om dei kunne skipe til ein hobbymarknad under vintermarken.

Huseigar Morten Lie var veldig positiv, og Magnushommen fekk låne lokala til det som tidlegare husa Expert for ein symbolsk sum.

Godteri av den gode, gamle sorten

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er enno tidleg i markenshelga då VTB er innom på hobbymarknaden, men det byrjar alt å bli folksamt i lokalet. Magnushommen fortel at det ikkje var noko problem å finne folk til å stille ut.

Per Bye frå Sandefjord har tatt turen til Kviteseid med godt, gamaldags godteri. Han viser fram ein pose med anisdrops.

– Dette er eit tips til dei som har ein for skravlete ektefelle. I desse dropsa er det så store anisbitar at ein kan ikkje tygge dei, då må ein suge og då kan ein ikkje prate på veldig lenge, fortel Bye som seier at gamaldags godteri er svært populært.

Gunhild Bentsen (t.v.) tek ein kik k på kva Ruth Magnushommen stiller ut i boden sin på hobbymarknaden.
Gunhild Bentsen (t.v.) tek ein kik k på kva Ruth Magnushommen stiller ut i boden sin på hobbymarknaden.

– For eksempel får eg besøk av damer på over sytti år som ser drops dei åt då dei var små, så kjøper dei mange pakker fordi dei vil at barnebarna skal få smake det same som dei gjorde då dei sjølve var små.

Knivmakar

Knut Våmartveit frå Dalen byrja så vidt å lage knivar på 70-talet, men dei siste åra har han hatt betre tid til hobbyen sin.

– Eg lagar alt frå botnen av, eg er pensjonist, og må ha noko i fingrane. Eg er mykje i smia, men det blir mykje kaffidrikking der også, seier Våmartveit.

Det er fyrste gongen han stiller ut i Kviteseid, men han har stilt ut på ulike andre marknadar, og lagar ein del knivar på bestilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tradisjon?

Tradisjon? Primus motor for hobbymarknaden, Ruth Magnushommen, har sjølv ulike interiørartiklar som ho stiller ut. Ho nyttar ein gamal dekorasjonsteknikk som heiter decoupage, der ho nyttar serviettar, og limar tekstar på ulike ting som til dømes lys og vasar.

Magnushommen reiser rundt på ulike marknader, men dette er fyrst gongen ho stiller på marken i Kviteseid. Ho bur i Skien nå, men synest det er veldig koseleg å kome heim til Kviteseid.

– Om det held fram med å vere ledig i desse lokala, kan det hende det blir ein fast markenstradisjon, seier Magnushommen.