Opnar gardsbutikk i heimbygda
I dag er det butikkopning i Åsgrend.
Pussa opp:Bjørg Heggtveit har pussa opp låven på Heggtveit. (Foto: Kasper Hogstad Sveinsson)
Det er kring eitt år sidan at Bjørg Heggtveit og Ida Marie Susort Heggtveit diskuterte kva dei kunne finne på. Dei ville ha litt meir å gjera, og konkluderte med at ein butikk i heimbygda Åsgrend i Kviteseid måtte vera midt i blinken. Med på laget har dei også Bjørgs niese, Ingunn Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje kvar dag det opnar butikk i Åsgrend. Men i dag opnar dei tre kvinnene dørene til Siloen, Heggtveit gardsbutikk.
– Me er alle interesserte i interiør. Her kjem me til å ha litt nytt, litt bruka og diverse heimelaga, seier Bjørg.
Ho legg til at 10 prosent av salet av alt heimelaga går til hjelpearbeidet Sigrid Eilefstjønn frå Kviteseid gjer i Jerusalem.
Pussa opp låven
Drivaren får mykje ros av dei to kollegaene. Låven på Heggtveit har blitt til butikklokale.
– Bjørg har gjort ein kjempejobb med å pusse opp lokalet, seier Ida Marie og Ingunn.
I låven på Heggtveit vil dei også tilby gjestene kaffi og kaker.
– Når me narrar folk til Åsgrend, må me ha noko meir å tilby, ler den muntre trioen.
Hobby
Butikken er i utgangspunktet ope på laurdagar, men også etter behov. Dei har eiga Facebookside med informasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er me heime, så opnar me. Men det er ikkje sikkert me kan tilby ferske bakevarer alltid, smiler Bjørg.
Dei tre har nok å gjera når dei ikkje syslar med butikken. Ida Marie er kokkelæring, Ingunn er sjukepleiar, og Bjørg jobbar i blomsterbutikk.
– Dette er ein hobby, seier dei. På sikt har dei mange idear. Oppussing av gamle møblar, lokalmat, loppemarknad og egg-sal er noko av det som er på planleggingsstadiet.