Opnar hotelldørene på ny i Morgedal
Lokale handverkarar, leverandørar, matprodusentar og Telemarks-kunstnarar har blitt henta inn slik at dei nye eigarane av Morgedal hotell, Marianne og Halstein Sjølie, endeleg kan opne dørene att for normal hotelldrift. – Eg trur på ei hotelldrift i Morgedal. Det er eit fantastisk hotell, område og region, seier Sjølie som brenn for å skape ein stad der hotellgjester på gjennomreise og lokalbefolkninga skal ha det godt.
Det er hektiske dagar og aller siste innspurt. I morgon får bygdefolket vere med når hotelleigarane Marianne og Halstein Sjølie inviterer gjester inn dørene på hotell att. Alt i resepsjonsområdet får ein sjå at mykje er fornya.
– Men me har også vore svært opptekne av å ta vare på det gamle, smiler Sjølie, og svingar raskt innom det nye biblioteket ved inngangen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er viktig å ha ein triveleg stad å sitje med ein kaffikopp og mange ferske aviser, smiler han før han hastar vidare.
Imponert av Brekke-paret
Dei siste åra ved Morgedal hotell har vore utan vanleg hotelldrift. I ein periode fungerte det som asylmottak. Etter fleire eigarar dei siste åra med store ord og planar for den tradisjonsrike verksemda, gjer den nye eigaren Sjølie alt for å rette opp den lokale skuffelsen om det som blei lova.
Då Marianne og Halstein Sjølie frå Jeløy i Moss kjøpte hotellet i oktober i fjor haust, var dei frå fyrste stund klare på at dei hadde eit ynske om å ha vanleg drift på hotellet att, og ta vare på det gamle og drive vidare i rett Brekke-ånd.
– Kari Mette og Svein Brekke bygde verkeleg opp eit kvalitetshotell. Eg er djupt imponert av arbeidet dei gjorde. Mykje var slite og trong oppussing, men det var gjort eit botnsolid arbeid – det er rett og slett morosamt å ta over hotellet etter dei, smiler han.
Sjølie seier at han brenn for å få til eit hotell som skal gje ein heilskap. Han ynskjer å skape ein stad der folk skal ha det godt.
Merkedag
Dei nye eigarane sa alt i fjor haust at dei hadde eit ynskje om å opne hotellet att 10. juni. Ein merkedag, for det var denne dagen i 1825 at Morgedals store son, Sondre Norheim, blei fødd. Og slik blir det. I morgon er bygdefolket og leverandørar spesielt inviterte til eit lukka selskap med lokale råvarer på tallerkenen. Sjølie meiner det er venta mellom 200–300 gjester, og han har mellom anna hyra Aasmund Nordstoga og Symre Bang til å underhalde gjestene.
– Frå 12. juni opnar me hotellet for resten av verda, og ynskjer å halde ope kvar dag året rundt om det er mogleg. Me har pussa opp 30 rom til nå, og håpar at dei 37 resterande er klare i løpet av sommaren. Då vil me ha kapasitet til å ta imot om lag 175 overnattingsgjester, seier Sjølie.
Han ser gjester frå Noreg som den største målgruppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
På hotellet vil han ha ni faste tilsette i tillegg til 10 til 20 personar som vil arbeide på timebasis. Sjølie fortel at kona og han i fyrste omgang vil pendle mellom Morgedal og bustaden på Jeløy.
– Me vil ha adressa vår i Moss, men med utsikt og blikk retta mot Vestfold og Telemark. Me har barn, svigerbarn, barnebarn og anna familie, kollegaer og vener i Moss. Så får me sjå på sikt korleis fordelinga av tid mellom hotellet og heimen blir, seier han og legg til:
– Morgedal er ein flott plass – så det er ikkje lett å spå framtida.
Ynskjer lokale gjester velkomne
– Og det er viktig for oss at bygdefolket brukar hotellet. Me vil at det skal vere ein naturleg samlingsstad. Ein stad å halde møte, selskap, minnestund, eller nyte eit godt måltid.
– Men korleis vil de fange merksemd lokalt?
– Me vil levere eit godt tilbod om mat, drikke, trening, aktivitetar, restitusjon og kvile. Det blir høve til å bruke treningsrom, basseng, boblebad og anna på ettermiddagar og kveldar, for det er viktig for oss at nærmiljøet kan nye godt av det hotellet har å by på, smiler han.
Handlar lokalt
Dei nye hotelleigarane har vore opptekne av å bruke flest moglege lokale handverkarar under arbeidet med oppussinga. Han gjev mellom anna ros til dyktige rørleggjarar og elektrikarar som har hatt mange arbeidsdagar i Morgedal det siste halvåret.
– Bli med inn og sjå på dansegolvet, til dømes. Her hadde eg ein handverkar frå Flatdal. Flott arbeid, ikkje sant, kyter Sjølie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han seier at han har med seg fem polske arbeidarar som også har stått på for at hotellet skal bli slik den nye eigaren ynskjer det.
– Dei er handplukka av ei av dei polske advokatane eg arbeider saman med i Moss. Karane er svært dyktige, smiler Sjølie.
Han peiker og forklarar vidare. Heile dansesalen og bar-området har fått nye møblar. Bestilt frå ein stor, ukjent leverandør? Neidå.
– Alle møblar til hotellet er handla via Bosenteret i Seljord. Ein fantastisk møbelbutikk, smiler han nøgd og hastar vidare for å fortelje om dei gamle stålampene i messing som har fått ny elektrisk innmat. Det var klart at dei måtte bli med vidare på hotellet. Nå er dei pussa og har fått nye skjermar. Det same har skjedd med nokre av dei gamle møblane, dei er trekt om og skal også få vere med vidare.
– Det er viktig for oss at nytt og gamalt skulle passe saman, seier han.
Stor tru på hotellframtida
Sjølie legg ikkje skjul på at det har kosta å kome fram til standarden som hotellet nå kan vise fram.
– Men me treng ikkje snakke om pengar. Hadde det vore viktig hadde me ikkje vore her – me brukar det me må bruke, seier han og legg til at han er svært glad for den gode økonomiske støtta hotellet har fått av Kviteseid kommune og Innovasjon Noreg.
– Og eg trur absolutt at me skal få hotelldrifta til å gå, det er eit fantastisk hotell, område og region, seier han engasjert og full av motivasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nymotens
Me fylgjer hotelleigaren opp trappa til andrehøgda. Heile hotellet osar av nymåla ljose veggar. Me kjem inn i spisesalen – kjenner oss att – men du verda så mykje ljosare og nyare alt er.
– Desse må du sjå, det er heilt nye greier, seier Sjølie med retning dei to store buffetborda i spisesalen.
Rundt oss er nytt møblement plassert, nye gardiner kome på plass. Siste rest av anretningsskap må bli montert og siste finpuss gjort.
– Her har me kjøpt inn det siste nye. Denne steinplata vil halde eit par grader til kaldmaten. Den store plata ved sidan av fungerer som ein kjempestor induksjonstopp. Der kjelen med maten som treng varme blir plassert – der blir det varmt. Det blir spennande å teste ut, seier han og svingar vidare innom kjøkkenet.
– Her har me ikkje gjort så mykje, det meste var godt plassert på eit romsleg kjøkken – men noko nytt utstyr har sjølvsagt kome på plass.
Maten som blir servert frå kjøkkenet har Sjølie også tenkt mykje på. Han ynskjer å nytte lokale produsentar og har alt sikra seg leveransar på kjøtt, fisk, brød og drikke.
– Og me leitar stadig etter fleire, seier han og fortel om dagen då han oppdaga Totakrøye på Skålestrondi i Vinje.
– Me var på besøk til kunstnar Reidar Kolbrek på Rauland og på vegen heim att fekk me sjå heimen til Sivert Graasvoll som driv Totakrøye. Betre aure enn den han leverar har eg aldri smaka nokon stad i verda. Klart me må ha den her på hotellet, seier Sjølie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Snø i bakken
Sjølie ser også framover og har planar om å få drift i hotellbakken att som mange vesttelar har eit forhold til.
Sjølie seier at han har eit mål om at bakken skal få på plass snøproduksjonsanlegg frå sesongen 2018/2019.
– Me ynskjer at bakken skal få høve til å halde ope over ein lengre periode, og vere eit tilbod for hotellgjester og lokalbefolkninga, seier han.
Kunstinteresse
Kunst, kultur, historie og lokal forankring er viktig for dei nye eigarane.
– Me er begge glade i kunst, og hotellet vil innehalde arbeid frå om lag 25 ulike Telemark-kunstnarar. Kom, så skal eg vise noko av det me har, seier Sjølie og tar oss med inn på eit rom fullt av kunst som har fått nye rammer. Snart skal dei pryde veggane rundt om på hotellet.
– Eg er så glad for at me har fått til eit godt samarbeid med Bjørn Fauske på Galleri Brøløs. Han trekkjer mellom anna fram arbeid frå kunstnarar som Johnny Andvik, Erlend og Terje Grøstad, Reidar Fritzvold, Harald Kihle og Eva Bull Holte som snart er på plass på veggen.
Sommarutstilling blir det også på hotellet. Kunstnaren som skal få boltre seg på veggplassen frå resepsjonen og opp gangane til promenadegangen ved symjebassenget er Reidar Kolbrek.
– Det blir ei flott sommarutstilling, seinare vil andre kunstnarar få vise seg fram, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sagakunst i møteromma
På Morgedal hotell heiter dei to møtesalane «Odin» og «Balder» og kva passa ikkje betre då enn å få sagakunst til pryde veggane.
– Svartdalskunstnar Anders Kvåle Rue har laga fantastiske illustrasjonar til Flatøybok som skal henge i møtesalane, seier Sjølie.
Mykje nytt, ljost og spennande. Lett panikkpreg for å blir ferdig til opningsdatoen ligg i lufta.
– Med led-ljos på heile hotellet og flisfyra oppvarming, tør eg påstå at me er eitt av dei mest miljøvenlege hotella i landet, seier ein hektisk Sjølie, før han spring vidare for å kome i mål til morgondagens opningsfest.