Opnar kafé ved Straumekrysset
Med ferske bakevarer og kortreiste ingrediensar opnar i dag Kafé Matglede.
Det er ikkje lenge sidan Trude Flatland og venninna hennar Heidi Gjerlid Sollid bestemte seg for å gjera alvor av ein gamal draum. Etter å ha prata laust og fast om å starte opp noko saman tok dei fyrst avgjersla for ein månad sidan. Sidan då har det gått slag i slag, og i dag opnar dei kafé på Galleri Straume.
– Me snakka om det i haust, men så blei det borte att. Så kom det opp att med jamne mellomrom. Så sa eg; nei, no må me bestemme oss. Set i gang du Trude, så skal eg henge med, ler Heidi.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har hatt eit ynske om dette lenge, men det har liksom aldri passa. Og det gjorde det vel eigentleg ikkje no heller, smiler Flatland.
Plutseleg tid
Full jobb i Åmot blei litt mykje saman med gardsdrift heime i Øyfjell når mannen var ute i turnus i oljenæringa. Så Trude søkte om deltidspermisjon frå stillinga si for å få meir tid til garden. Men plutseleg blei det stille i oljearbeidet, mannen kom heim og det blei meir ledig tid.
– Eg har alltid vore glad i å bake, og eg likar å treffe folk. Då bestemte eg meg for å prøve likevel, seier Flatland.
Med utdanning innanfor kokkefaget og erfaring frå fleire bakeri er det matlaging og baking som står hjarta nær for Trude. Heidi er like glad i å lage mat, og namnet måtte difor bli Kafé Matglede.
Hyttekos
I kafeen blir det både pizza og hamburgar å få kjøpt, saman med salatar og ferske bakevarer.
Kafeen vil dei ha open frå torsdag til sundag, og håpet er at hytteturistane tek seg tid til å svinge innom på vegen. Difor har vertane sett saman ei eiga kasse med hyttekos av produkt frå nærmiljøet.
– Der har me brau frå Øyfjell, ost frå Lega, tyttebærrømme frå Skreppa og pølser frå Vinje slakteri saman med ferske bakevarer frå oss. Me håpar det blir noko som kan lokke folk innom, seier dei.
Stuttreist mat finn ein også andre stader i utvalet. Kjøt frå herefordkveg frå garden til Trude og mannen, brukar dei til både hamburgerar og pizza.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til kafédrift tek dei på seg selskap.
– Me seier ja til det meste. Dåp, bursdagar, konfirmasjonar. Ein kan ikkje seie nei til noko når ein bur slik som me gjer, er Heidi og Trude einige om.
Testa menyen
Sjølv om mykje var klart til å opne kafé har dei investert i omn, eltemaskin og kjølediskar. Då VTB var innom måndag var det ikkje mange dagar att til opninga, og fleire kveldar med arbeid sto att. Vasking, pynting og baking, og ikkje minst møbelering.
– Me tek gjerne imot gamle stolar, smiler jentene.
Menyen var ferdig laga og testa ut på mannskapet ved høvleriet i Øyfjell, og tilbakemeldingane var gode, fortel kafévertane. Og om dei ikkje rakk å få opp skiltet ute på huset før opninga i dag så skal dørene skal vera opne og maten klar.
– Me skal vera blide og klare til opninga. Det er i Straumekrysset det skjer, ler Trude.