Opnar Maxbo i Vinje
Til sommaren skal ein 3000 kvadratmeter stor Maxbo-butikk vera klar for opning i Åmot sentrum. Verksemda trur dei vil ha behov for om lag 15 – 20 årsverk.
Bygginga av det nye varehuset tar til på nyåret, og skal ligge på den gamle sagtomta i Åmot sentrum.
– Denne etableringa vil ha stor innverknad på Åmot og regionen. Det gjer auke i tenester og produkt, men fyrst og fremst gjer det verdfulle arbeidsplassar, seier varehussjef for Maxbo Vinje, Rodney Omdal Karlsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Karlsen meiner Vinje har ei perfekt, sentral plassering mellom aust og vest. Han trur også etableringa av Maxbo vil bane veg for andre. Også Maxbo sentralt meiner plasseringa er god.
– Me ser ei stor auke innan hus- og hytteutbyggingar i regionen. I tillegg er det ei sterk, lokal arbeidskraft. Det er dei viktigaste årsakane til at me etablerer Maxbo i Vinje, seier Erlend Berg, driftsdirektør i Maxbo og ansvarleg for byggevareselskapets nyetableringar.
Velkomne
Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, ønskjer Maxbo hjarteleg velkomen.
– Det får stor positiv verknad både for handelstilbodet til innbyggjarar og hyttefolk, men også for veksten i arbeidsplassar innan plasskrevjande handel. Vi ser fram til vidare godt samarbeid under etableringsfasen og i tida etterpå, seier Kleven.