Opne møte i kontrollutvalet
Som truleg den fyrste kommunen i Telemark og ein av dei få i landet, har kontrollutvalet i Fyresdal valt å halde opne møte. Me ynskjer at folk skal få vite kva me driv med, seier utvalsleiar Edvard Nesland.
Maimøtet i kontrollutvalet til Fyresdal kommune er blitt historisk. Utvalsleiar Edvard Nesland (Bygdelista) hadde ved eit tidlegare høve fått gjennomslag for å opne møta i kontrollutvalet. På sist møte var det høve for tilhøyrarar og presse å lytte til kva utvalet jobba med.
Bare to av sakene i møtet vart lukka, sidan det var personalsaker. Slike saker hadde blitt lukka same kva utval det var snakk om, seier Nesland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om møta i kontrollutvalet no er opna, reknar Nesland med at det ikkje kjem mange personar innom for å høyre på.
Det er meir kva signal me gjev ut. Utvalet vårt er eit organ som på vegne av kommunestyret kontrollerer forvaltinga av kommunen. Då er det viktig å vere opne. Me bør ikkje seie at det me i kontrollutvalet gjer, er så spesielt at ingen bør vite om det, seier Nesland.
Mest mogleg offentleg
Han kan forstå at det kan vere litt tøft for eit heilt nytt kontrollutval å ha opne møte, men ser ikkje på ei slik løysing som noko hokus-pokus.
Om nokon seier at opne møte i kontrollutvalet legg lok på den opne diskusjonen, kan ein like godt seie det om andre utval også. Det kan vere veldig komfortabelt å ha lukka møte og kunne tale fritt. Men eg trur ikkje det er rett, seier Nesland.
Han er veldig for at mest mogleg skal vere offentleg i kommunane.
Eg synest andre kommunar også kan opne møta i kontrollutvala. Kommunane er ikkje private bedrifter, og me er ikkje bedriftsleiarar, men folkevalde, minner Nesland om.
Fyresdal er truleg fyrste kommunen i Telemark og blant dei fyrste elles i Noreg som opnar møta i kontrollutvala.
Det er litt spesielt når Fyresdal er den fyrste som snur litt på saka og tenkjer annleis. Fyresdal vil vere utradisjonell, og dette med opne møte i kontrollutvalet passer bra inn då, avsluttar politikar Edvard Nesland.