Oppgradering bru – T-Ford standard

Ytring

I øvre del av Skafsåberget ligg Midbjøraa bru som er bygd tidleg på 1900-talet. Denne brua ligg i stigninga opp Skafsåberget og er del av ein sving som er meir enn 90 grader.

Denne brua har vore ei trafikkfelle i mange år på grunn av at her ikkje er passasje for møtande bilar – ei bru litt lenger opp vart utbetra på 1970-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midbjøraa bru har gått ut på dato for mange 10-år tilbake. Det er mange som har venta på ei oppgradering her, ikkje minst etter at veg 45 var del av vegsamband frå Stavanger til E 134.

Underteikna har trafikkert denne brua i over 50 år – delvis som lastebilsjåfør – og vore vitne til fleire kollisjonar/utforkøyringar her.

Hausten 2013 ser det endeleg ut til å skje ei oppgradering her, men til mange si store undring er det kun støyping av nye bereelement for nytt rekkverk. Det er heilt utruleg at nokon kan finne på noko slikt – ein kunne ikkje tru det var sant, men at det var eit innslag i eit revyteater. Brua vert endå meir trafikkfarleg for nå er ho litt breiare, men utan nødvendig breidde for normal passering for to bilar.

Vegvesenet uttalar at budsjett til brurekkverk er ein annan post enn post til bruutviding, men her må ein spørje om den venstre handa ikkje veit kva den høgre gjer?

Breiddeutviding her hadde vore ei svært enkel sak.

Det er sløsing med midlar å setja nytt rekkverk på ei minibru som til dei grader har gått ut på dato.

Eit kvart privat firma eller privatperson ville aldri ha gjort ei slik prioritering – det er kun «eit offentleg vesen» som kan finne på å gjera noko slikt. Men ut frå dette kan ein forstå at det vert dårleg med midlar og dårlege vegar Vest-Telemark.

Underteikna har registrert nye rekkverk på fleire bruer i nærområdet, eg har aldri registrert at det er brurekkverk eller mangel på slike som har vore årsak til trafikkulykker her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er oppgradering av vegdekke og utbetring av flaskehalsar me treng mest her i Vest-Telemark – og så kan brurekkverka koma i neste omgang.

Denne saka bør få eit politisk etterspel.

Tarjei Gaastjønn