Tor Øverland i Seljord håpar på mange reaksjonar frå grasrota rundt tanken om våpendepot.
Tor Øverland i Seljord håpar på mange reaksjonar frå grasrota rundt tanken om våpendepot.

Oppmodar grasrota til å reagere

– Galskap, seier seljordingen Tor Øverland om mogleg våpendepot, og oppmodar alle med børser å protestere.

Eit utval skal snart ha ein total gjennomgang av gjeldande våpenlov og fremje forslag til ny lov. Det nye forslaget skal leggje vekt på førebyggjande og tryggleiksskapande tiltak som kan hindre ulovleg våpenbruk og medverke til betre kontroll av sivile våpen.

I eit utkast til mandat bed Justis- og politidepartementet utvalet særleg vurdere om det er behov for å innføre tidsavgrensa våpenkort, eventuelt med krav om fornying av løyvet til å ha skytevåpen. Andre tankar som vekkjer endå meir oppsikt er om ein bør etablere former for oppbevaring av skytevåpen utanfor private heimar, og til dømes heller ha dei hos våpenorganisasjonar eller i offentleg regi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Protestere

Dermed kan ei framtidig løysing bli at rundt 800.000 våpeneigarar i Noreg må nytte seg av depot i staden for å sette børser inn i godkjente og låsbare skåp i heimane. Det reagerer Norsk Våpeneierforbund kraftig på.

Per Bekkedahl, nestleiar i forbundet, meiner han trygt kan slå fast at det ikkje er ein skyttar som kan ha kome med det radikale og dramatiske forslaget om våpendepot.

– Dette skal me kjempe med nebb og klør mot, og eg håpar det nye lovutvalet ikkje tek med forslaget vidare. No må me åtvare skyttarmiljø og andre om at det blir jobba med ei innføring av depot, seier Bekkedahl.

Tor Øverland i Seljord er ein av distriktsrepresentantane til forbundet. Han har ikkje noko til overs for ei ordning der ein må hente eiga børse på depot og kanskje skrive under på når våpenet blir levert tilbake.

– For meg ser det ut som at forslaget ikkje skal kome ut og at det er ei snikinnføring. No må me få det kjent, slik at dette blir diskutert i det vide og breie på grasrota. Det er galskap å innføre våpendepot. Forslaget må ha kome frå ein byråkrat som har alt for lite å gjere, seier Øverland. Han oppmodar alle med børser til å protestere, også mot tankar om å innføre tidsavgrensa våpenkort.

Mange spørsmål

Ragnar Aspholm er busett i Valle i Setesdal, og er ein ivrig jeger som held seg mykje i Fyresdal. Han meiner ei løysing med våpendepot blir kostbar, problematisk og upraktisk. Han forstår ikkje at Justisdepartementet sender ut eit slikt signal i tider der snart alle må ha godkjente våpenskåp i heimane, og det frå fyrste børse.

– Dei som tener på at det blir innført depot er dei med uregistrerte våpen. Slike våpen vil bli god salsvare, og no blir dei i alle fall aldri registrerte. Snart blir det vel like greitt for meg å låne uregistrert våpen av andre, og la vere å hente eige våpen i depotet, ristar Aspholm på hovudet.

Han har mange spørsmål rundt ei eventuell gjennomføring av forslaget, mellom anna kva som skal skje med forvaltinga av ammunisjonen. Aspholm har fått med seg at politiet ikkje får pengar til å kunne ha våpenkontroll hos folk, slik det er høve til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så skal altså politiet i framtida sitte og ha vareoppteljing på kva børser som blir levert inn til eit depot. Eg flirer eigentleg av forslaget, og forstår ikkje heilt effekten av eit våpendepot. Eg håpar dette aldri blir gjennomført, avsluttar Aspholm.