Opprørt over kommunal tilsetjingspraksis
Ellen Nordstoga er opprørt over tilsetjingspraksisen i Vinje kommunen. Ho meiner det er grunn til å reagere etter at ein 18 år gamal lærling vart tilsett i kyrkjetenarvikariat framfor ein utanlandsk sivilingeniør med norsk fagbrev og 11 års arbeidsrøynsle i Vinje.
Tilsetjinga av vikar for kyrkjetenaren i Vinje og Nesland, fekk begeret til å flyte fullstendig over for Ellen Nordstoga.
Her er det ikkje berre snakk om venskap og kjennskap, men om slektskap. Lærlingen er son av noverande kyrkjetenar, fortel Nordstoga.
Artikkelen held fram under annonsen.
I mange år har ho fylgt med i dei tilsetjingane Vinje kommune har gjort når godt utdanna utlendingar, som er busette i kommunen, har vore på søkjarlistene. Som døme på ei sak som undra Nordstoga var då ein amatør utan notekunnskap vart tilsett som organist framfor ein profesjonell musikar som også ynskte jobben. Ho er glad for at dette no er retta opp.
Når ein sivilingeniør søkjer vaktmeisterjobbar og gong på gong vert forbigått av lokale folk med mindre utdanning, må ein reagere og undre kva tilsetjingspraksis som rår i kommunen. Vedkomande spør seg til slutt om årsaka til at han aldri når opp ved ei tilsetjing, fortel Ellen Nordstoga.
Veit du kva grunngjeving kommunen har kome med til den utanlandske sivilingeniøren?
Ja, han fekk til svar at det er norsk fagbrev som skal til for å få jobb som vaktmeister. Han har teke norsk fagbrev, men når likevel ikkje fram. Då er det plutseleg andre moment i utlysingsteksta som vert vektlagt, seier Nordstoga.
Mange døme
Ho har fleire døme på at det ikkje er lett for utanlandske søkjarar å hamne på løningslista i Vinje kommune. Nordstoga nemner at ei utanlandsk universitetsutdanna dame med mange års yrkesrøynsle både i utlandet og i Vinje søkte jobb på tenestetorget, og fekk til svar at ein må kunne nynorsk.
Vinje kommune underviser utlendingar i bokmål. Eg undrar meg på kvifor ikkje kommunen til dømes kunne gje henne eit tilbod om kurs i nynorsk, seier Nordstoga.
Ellen Nordstoga tykkjer det er underleg når ein ser kva Vinje kommune og heile Vest-Telemarkregionen legg ned av ressursar for å auke busetnaden. Difor finn ho grunn til å spørje om kva med dei utanlandske arbeidssøkjarane som alt er her, og kva med integreringskommunen Vinje i dette biletet.
Eg spør meg også om kva med dei menneska som heile tida får ei kjensle av at dei ikkje er gode nok, legg ho til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ynskjer sikker jobb
Darius Jasmantavicius frå Litauen har budd i Vinje sidan 1999, og fortel at han berre ynskjer ein sikker jobb.
No har eg byrja å lure på kva som er gale med meg sidan det er umogleg å få jobb. Eg trudde eg var vel kvalifisert til ein vaktmeisterjobb med mi ingeniørutdanning og praksis. Men avslag på avslag gjer at eg og familien ikkje ser noko framtid i å bli verande i Vinje, seier Jasmantavicius.
Han fortel at kona og han har søkt 10-12 jobbar både i kommunen og hjå andre verksemder i Vinje. Kva gong har det enda med avslag, men alltid med eit optimistisk velkomen att som søkjar.
Ellen Nordstoga seier at Darius og kona Inga med dottera Beata, er ein liten ressurssterk familie. Norstoga trudde det var slike ein ynskjer seg i Vinje kommune.
Kjenner seg forbigått
Når Darius har sett kven som er tilsett i mange av jobbane, har det bygt seg opp ei kjensle av å verte forbigått av folk med mindre kompetanse enn han sjølv. Han synest eigne opplevingar kjem i eit merkeleg ljos i ein kommune som mellom anna har fått integreringspris.
Eg lurar på kva integreringsprisen betyr og for kven, seier Darius.
Han er katolikk, men i samband med søknaden til kyrkjetenarstillinga fekk han opplyst at det ikkje var noko problem sidan det dreidde seg om eit avgrensa vikariat i sju månader. Elles gjorde Darius merksam på at det ikkje var noko problem for han å melde seg inn i Den norsk kyrkja. Men Det kyrkjelege fellesrådet hadde også høve til å gje dispensasjon frå kravet om medlemsskap i kyrkja.
Uheldig praksis
Ellen Nordstoga fortel at ho har teke direkte kontakt med kommunen om den praksisen ho meiner ser ut til å ha fått fotfeste i kommunehuset i Åmot. Organisasjonssjef Aud Groven skriv mellom anna at det er gjort ein feil når Darius ikkje har fått søkjarlista eller på oppmoding ikkje har fått utlevert utvida søkjarliste. Elles viser Groven til at det er kvalifikasjonar og ikkje morsmål og om ein søkjar er skikka for jobben som skal leggjast til grunn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg vonar kommunen tek opp denne ukulturen og helst før det vert nødvendig med diskrimineringsombod eller sivilombod for å få frisk luft inn i systemet, seier Ellen Nordstoga.
Det lukkast ikkje VTB å få kommentar frå leiinga i Vinje kommune før avisa gjekk i trykken.
Utestenging ikkje noko nytt i Telemark
Litauens konsul i Telemark, Carl Thomas Carlsten, seier at forbigåing, ekskludering og utestenging frå yrkeslivet ikkje er noko nytt for utlendingar som kjem til Telemark.
Yngre etnisk norske søkjarar med lita røynsle frå yrkeslivet vert oftast tilsette framfor godt utdanna og røynde søkjarar med ein annan nasjonalitet. Høg fagutdanning frå andre land ser ein gjerne bort frå, meiner konsulen i Skien.
Carlstens røynsle er at familie- og stadstilknyting ser ut til å vere det viktigaste kravet for å nå fram med jobbsøknaden. Han meiner formelle tilsetjingskriterium vert nytta slik at innflyttarar i praksis vert haldne utanfor fellesskapet.
Utlendingar kan få arbeid når ingen norske er interesserte i jobben, hevdar Carlsten.
Konsulen seier at han har lagt merke til desse ekskluderingsmekanismane i miljø, institusjonar og hjå personar, der han ikkje hadde venta at slikt skjedde.
Denne framandfrykta har sjølvsagt konsekvensar langt utover lagnaden til jobbsøkjarane. Eg meiner ekskluderinga gjer at både me sjølve og samfunnet vårt vert fattige og utarma i ein situasjon der me treng motiverte menneske og kreative idear, seier konsul Carl Thomas Carlsten.