Opptil 50 unge asylsøkjarar
Fyrst var det plan om opptil 180 asylsøkjarar i ordinært mottak på Foldsæ, og seinare auka talet til 210. Planen no er minst 40 einslege asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. – Det klarer me å handtere, seier Fyresdal-ordføraren.
Foldsæeigar Willy Skjeggerud har klaga til Fylkesmannen over saksbehandlinga til Fyresdal kommune kring bruksendring for å kunne ha opptil 180 asylsøkjarar på den tidlegare landbruksskulen i Hauggrend. Klagaren meiner kommunen brukte unødvendig lang til på saksbehandlinga. Fylkesmannen slår no fast at kommunen heldt seg godt innafor gjeldande tidsfrist.
Kommunen vedtok eit tak på bebuarar avgrensa til 100 personar, då reinseanlegget i Hauggrend ikkje har ledig kapasitet til meir. Det vedtaket fann Foldsæ-eigaren usakleg og ugyldig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesmannen meiner vilkåret til kommunen er sakleg og rimeleg, då det vil hindre faren for skadar på Skrevatn som resipient.
«Vilkåret om personavgrensing er gyldig», slår Fylkesmannen fast.
Nei til utviding
Klagaren har fått medhald på eitt punkt. Kommunen vedtok at om Foldsæ AS kostar oppgradering av Hauggrend reinseanlegg til 180 personar, kan talet på bebuarar aukast til dette.
«Kommunens avgjerd om at tiltakshavar må dekkje investeringskostnadene ved ei oppgradering, krev ei privatrettsleg avtale og ikkje offentleg myndeutøving», har Fylkesmannen kome til, og opphevar vilkåret kommunen sette.
Spørsmålet er om Foldsæ AS vil få ei slik privatavtale med kommunen.
– Uansett om Foldsæ betaler eller ikkje for kostnadene, kan me seie nei til å utvide reinseanlegget. Dette forstår Hero, og derfor har dei trekt tidlegare tilbod, seier Erik Skjervagen (Ap), ordførar i Fyresdal.
Hero Norge AS søkjer på vegne av Foldsæ AS i saka om mottak. I eit fersk brev til kommunen opplyser Hero at dei trekkjer tilbodet om ordinært asylmottak, etter avgjerda til Fylkesmannen. I staden tilby Hero no Utlendingsdirektoratet Sør avtale om drift av 40 plassar for asylsøkjarar i alderen 15 til 18 år. For å ha beredskap til å handtere ei moderat endring av behovet for mottaksplassar, vil også tilbodet innehalde moglegheit for opsjon på 10 tilleggsplassar.
Svært godt eigna
– 40 plassar på Foldsæ er mykje betre enn 210 plassar. Og med 40 plassar vil det vere behov for 12 til 15 årsverk og døgnbemanning, ser ordføraren som positivt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men å leggje eit asylmottak til Foldsæ er uansett ikkje lurt på grunn av der det skal liggje og storleiken på bygda, held han fram.
Skjervagen meiner likevel kommunen skal klare å handtere 40 unge einslege asylsøkjarar. Han forstår at ei slik etablering vil gje ekstraarbeid for kommunen, men har tru på at ein skal klare den utfordringa. Som vertskommune vil Fyresdal få eit tilskot som skal dekkje gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon.
– Eg kjem til å seie ja til dei 40 plassane, og har ikkje noko anna val. Me hadde sakleg grunn til å seie nei til 180 plassar, men me har ikkje sakleg grunn til å seie nei når talet har gått så mykje ned, seier ordføraren.
Hero er landets største driftsoperatør med 29 års erfaring med mottaksdrift. Vinn Hero fram i priskonkurransen innan mottak av einslege mindreårige asylsøkjarar, vil det ved ei etablering på Foldsæ tatt sikte på å rekruttere tilsette lokalt i kommunen.
«Me vurderer kommunen som svært godt eigna som vertskommune for ordinært asylmottak både med omsyn til innkvarteringstilbodet bebuarane skal få, dei kommunale tenestene og den politiske leiinga», skriv Hero i brevet der Fyresdal kommune blir orientert om siste utviklinga i saka på Foldsæeigedomen.