Opptil seks ingeniørar på lokalkontor
Eit stort offshoreselskap i Stavanger leiter etter ingeniørar som kan jobbe i team med Treungen-busette Rune Johansen på eit avdelingskontor i bygda.
Hitec Products Gruppen AS (HPG) i Stavanger eig mellom anna Hitec Products AS som i hovudsak leverer elektrohydrauliske kontrollsystem til olje- og gassindustrien. 50 prosent av produksjonen går til eksport.
Me meiner me er verdsleiande på området med å levere dette nisjeproduktet, seier administrerande direktør Tor Atle Deisz i HPG til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at Rune Johansen, opphavleg frå Fyresdal men no busett i Treungen, jobba for Hitec Products AS. Johansen slutta der, men er no tilbake på sjette året i selskapet og har Treungen som arbeidsstad.
Vanskane med å få tak i erfarne folk i Stavanger gjer no at Deisz vender seg til Treungen og distriktet rundt. Målet er å få på plass ei avdeling i Treungen med ingeniørar som har ulike bakgrunnar det er behov for. Teamet kan vere på opptil seks personar.
Rune Johansen trur det er andre i hans situasjon som kan tenkje seg ingeniørjobb på bygda. Johansen har mykje erfaring og skal bli avdelingsleiar for kontoret me ynskjer å opprette i Treungen. Det blir spennande å sjå om me får tak i folk som er interessert i å jobbe i dette distriktet, seier Deisz.
Flytte tilbake
Johansen har i dag arbeidsplassen sin i leigd lokale hos Tarraldsen Trevare på industriområdet i Treungen. Han håper ingeniørar rundt omkring i regionen fattar interesse for å bli med i den lokale avdelinga. Det kan også bli snakk om at ingeniørane kan jobbe noko frå eige heimekontor, om dei bur i ei anna bygd.
Det er spesielt at selskapet vil satse i Treungen og etablere offshoreverksemd her, seier Johansen, og har god tru på eit lokalt avdelingskontor i bygda.
Det blir greitt å få folk rundt seg og sitte i eit miljø saman. Eg trur det er fleire enn meg som jobbar ute og har fått erfaring, som kan tenkje seg å flytte tilbake til distriktet og arbeide der, held Johansen fram.
Vidare trur han etableringa med ingeniørkontor er eit flott døme for dei som er under utdanning, og no får sjå at det er mogleg å ha slike arbeidsplassar på bygda.
I samband med nyetableringa fortel Johansen at ein er på jakt etter eigna lokale i Treungen. Der han jobbar i dag er det ikkje plass til det planlagde teamet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hitec Products AS
Verksemda er ein del av BR Industrier-systemet med 500 tilsette. BR Industrier er største eigar i Hitec Products Gruppen AS, og omsette for 1,3 milliardar kroner i fjor. Hitec Products Gruppen AS eig både Hitec Products AS og Anzett AS som tidlegare var konkurrentar. I tillegg eig selskapet utleigefirmaet Norwegian Oilfield Supply.
Hitec Products AS leverer elektroniske og hydrauliske kontrollsystem for topside (alt oppe på plattformene) og subsea (under havoverflata), i tillegg til utstyr innan kjemikalieinjeksjon.
Hitec Products AS har 100 tilsette. Selskapet omsette for 190 millionar kroner i 2009. Årsresultatet var på 15 millionar kroner. Mål for i år er 300 millionar kroner i omsetning.