//vtb.no/s/bildegalleri/a/livstrugande_drama/0465052
//vtb.no/s/bildegalleri/a/livstrugande_drama/0465052

Øva på skrekkscenario

Hardt skadde personar ligg fastklemt i ein bil som har kollidert med ein buss. Bussjåføren er nettopp skoten.

Det var eitt av to scenario under beredskapsøvinga i Åmot onsdag. Naudetatane frå Tokke og Vinje møttest for å øve på korleis dei skal samhandle i ekstreme situasjonar. Øvinga handla mykje om korleis ein fangar opp og handterer situasjonar som til dømes dei tragiske bussdrapa i Årdal. 

Sjå alle bileta frå øvinga her. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I februar innførte direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ei ny felles prosedyre for korleis brann, helse og politi skal samvirke ved «pågåande livstrugande vald», forkorta plivo.

Plivo er eitt av fleire oppfylgingstiltak etter 22. juli 2011. Ekstreme hendingar dei siste åra i Noreg og i utlandet har vore utgangspunktet for utarbeidinga av prosedyren.

I desentrale strok er brannvesen og ambulanse nesten alltid dei fyrste som kjem fram til staden – ofte lenge før politiet har sjans til å vera der. Det krev ekstra mykje av mannskapet i brann- og helseetatane.

Også kriseteamet i Vinje og legar frå båe kommunane deltok i øvinga.

Skryt til mannskapet

I fylgje instruktør Gunnar Berge i Norsk Luftambulanse er det ikkje mange kommunar som gjennomfører liknande øvingar som den brannvesenet i Vinje stod bak onsdag.

– Det er beundringsverdig, meinte Berge.

Beredskapsleiar i kommunen, Olav Ringhus, tok initiativet til øvinga. Dei hadde også ei liknande storøving i fjor.

Berge skrytte etter øvinga av mennene og kvinnene som står på for å redde liv og gjer alt for at folk skal føle seg trygge. Det same gjorde lensmannen i Vinje, Trond Neri Flothyl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut frå ressursane og stillingsprosentane i desse etatane, finst det utruleg mykje kompetanse og flinke folk både i ambulanse, politi og ikkje minst brannvesenet her, seier Vinje-lensmann Trond Neri Flothyl. 

– Dei viser eit svært høgt nivå og stort engasjement, og i tillegg er mykje av det på frivillig basis, la han til.