Over 21.000 trassa regnet
Opninga av Dyrsku'n inneheldt mellom anna Bård Tufte Johansen, kranglevorne landbrukspolitikarar og ein god del regn. Likevel var over 21.000 personar innanfor portane på Dyrskuplassen.
Det var på førehand varsla mykje nedbør på opningsdagen av årets Dyrsku'n. Rundt om på Dyrskuplassen gjekk det rykter om at det kunne kome så mykje som ein halv månads nedbør i Seljord fredag. Likevel var folkestraumen stor og køane god lengde på når portane opna fredagsføremiddag.
Sals- og marknadsleiar, Yvonne Eilefstjønn opplyser til VTB seint fredag kveld at Dyrsku'n har hatt 21.279 besøkjande den fyrsten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er svært fornøgde, seier Eilefstjønn.
Kåra beste ku
Etter at Aasmund Nordstoga og Sver hadde starta showet fekk komikar Bård Tufte Johansen æra av å varme publikum opp. På førehand var han spent på kva slags publikum som venta han. Det var jo trass alt over 30 år sidan han var her sist.
– Eg var litt spent på kor lydhøyre dei var. Kanskje svirra dei rundt med knivar og var opptekne av heilt andre ting. Men det var eit triveleg og vått publikum. Det var jo veldig kaldt, så imponerande at så mange kom. Dei lo litt inni mellom også, så eg må seie meg fornøgd med det, seier Johansen til VTB etter opninga.
Før opningsshowet hadde han fått eit oppdrag han ikkje akkurat er van med.
– Eg var med å dømte årets beste ku, så eg har sett mykje flotte kukroppar, jur og spener. Eg må seie det var mange vakre kyr. Heldigvis slapp eg å ha den avgjerande stemma. Det blei 4-1 og eg gav stemma min til kua som vann, smiler komikaren.
Stolt landbruksminister
Landbruksminister, Jon Georg Dale (Frp) stod for opningstala og blei også seinare utfordra til debatt av Knut Storberget (Ap), Ola Borten Moe (Sp) og leiar av Norges bondelag, Lars Petter Bartnes. Det var ein stolt minister som fekk omvisning på Dyrskuplassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er noko av det beste norsk jordbruk kan vise fram. Jobben dei som jobbar i Dyrsku'n og ikkje minst dei frilvjuge legg ned er ein utruleg viktig innsats for å vise fram det beste me har, seier Dale til VTB før han hastar vidare på omvisninga til lokalmat-teltet.
Sals- og marknadsleiar, Yvonne Eilefstjønn i Dyrsku'n har ikkje oversikt over kor mange som har vore innanfor portane enno, men synest det verkar som ein bra start.
– Både me og gjestene visste at regnet kom, men det verkar som om det er god stemning og godt med folk på plassen likevel. Så får me ta ei oppsummering og telje opp i kveld, seier Eilefstjønn.