Over halvparten vil byte skule
Foreldra til 11 av dei 18 elevane som etter planen skal gå på Vinje skule frå hausten har søkt om å få byte skule til Åmot.
Dette skuleåret har det vore stor aktivitet på Vinje skule. Elevane frå 5., 6. og 7. klasse i Åmot har blitt flytta til skulen i Vinje i samband med bygging av ny skule i kommunesenteret. Overgangen har gått over all forventning og elevane har blitt vener på tvers av skulekrins. Til skulestart står den nye skulen i Åmot klar, og foreldre til Vinje-elevar er uroa for korleis det blir på Vinje skule når elevane frå Åmot «reiser heim».
Onsdag inviterte Vinje kommune til ope møte på Vinjar for å diskutere framtida til skulen. Kommunen har tidlegare freda skulestrukturen, men ei rekkje søknader frå foreldre om skulebyte for ungane sine, har tvinga fram ein strukturdebatt. Til folkemøtet kom det ferske tal om at det no er søkt om byte for heile 11 av dei 18 elevane som etter planen skal gå på skulen neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje tillit til leiinga
Aasmund Nordstoga har til vanleg ikkje problem med å stå og snakke framfor store forsamlingar, men han innrømte då han tok ordet at dette var vanskeleg.
I dag gruar eg meg, sa Nordstoga, før han byrja på ein hyllest av Vinje skule.
Dette er min skule. Her hadde eg dei fire beste skuleåra i heile skuleløpet, uttala han.
Han sa vidare at han aldri hadde sett problem med ein fådela skule, og peika på at det på ein liten skule er lett å bli sett og at alt ligg til rette for god læring og sosialisering. Likevel er Nordstoga og kona Ingvild eit av foreldrepara som søkjer om skulebyte til Åmot for ungane.
Det handlar om engasjement og tillit, forklara Nordstoga, som mellom anna sakna fokus på lokal historie.
Det manglar engasjement på Vinje skule. Det er eit leiaransvar. Eg saknar eit engasjement for bygda frå skulen. Kvifor krabba ikkje elevane på alle fire då arkeologane var her, har elevane høyrt om Henrik Sørensen og Harald Kihle, har dei høyrt om Vesle-Trask, og Halldis og Tarjei, undra Nordstoga, som også stussa over at dottera kom heim med bokmålsbøker frå biblioteket.
Nordstoga hevda det har murra lenge på og rundt Vinje oppvekstsenter, og at det har vore saker under overflata, alvorlege saker som ikkje har blitt gjort noko med.
Knut (Krossbakken) nyt ikkje tillit hos foreldra som leiar. Det er mitt inntrykk, heldt han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
FAU ved skulen har tatt opp temaet med rådmannen, og peikt på at det manglar ein klar leiarstil. Responsen er at kritikken er diffus. Det innrømte Nordstoga at han er, men at dette er saker som ikkje er lette å snakke om.
Det er synd at ein ikkje er viljug til å diskutere personalsak. Det betyr kroken på døra for skulen min, avslutta Aasmund Nordstoga.
Rådmann Hans Kristian Lehmann hadde registrert kritikken mot skuleleiinga, men han tok dei tilsette i forsvar. Lehmann understreka at det blant søknadane om skulebyte berre var ein som gjorde misnøye med leiinga til eit argument for å byte skule. I dei andre søknadene blir det vist til storleiken på skulen.
Eg har full tillit til Knut og lærarane, var støtteerklæringa frå den administrative toppsjefen i kommunen.
VTB har vore i kontakt med rektor Knut Krossbakken, men han vil ikkje uttale seg om kritikken og viser til rådmannen.
For lite
Heidi Negarden og Svein Verpe var blant dei som meinte skulen i Åmot er eit betre alternativ for ungane enn Vinje. Negarden var klar på at miljøet ved skulen er for lite og at ungane treng eit større sosialt nedslagsfelt.
Også i Åmot vil det vera små trygge forhold, sa Negarden.
Verpe søkte om skulebyte for barnet som skulle byrje åleine i 1. klasse i fjor, og har ikkje angra på valet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er sjeleglad. Tilbodet er så mykje betre av å køyre 10 minuttar lengre med buss, sa Verpe.
Øystein Høgetveit (SV) deltok på møtet som kommunestyremedlem. Han var klar på at samlingsstaden blir annleis om skulen blir lagt ned, og at mellom anna 17. mai ikkje blir det same. Ingvild Nordstoga og Heidi Negarden repliserte med at det ikkje er noko motsetnad mellom å framleis ha samlingsstaden og å leggje ned skulen. Det blei vist til at dei i Grungedal har klart å halde miljøet oppe sjølv om det ikkje er skule i bygda.
Anne Romtveit snakka på vegne av styret i Liv i Vinje. Skulen var ein viktig del då grasrotprosjektet blei etablert for tre år sidan.
Skulen er meir enn ein stad for kunnskap. Det er ein samlingsstad på 17. mai, joletrefestar og basarar, sa Romtveit.
Ho syntest det ville vera trasig om skulen blir lagt ned, og meinte det var mange kvalitetar i Vinje.
Her er verdiar som veg opp for at det ikkje er så mange elevar, sa Romtveit, som også trekte fram at ein skuleveg på opp mot fem mil om dagen i buss er langt for små skuleelevar.
Romtveit oppmoda til ein idédugnad for å finne kreative løysingar for å bevare skulen.
Avgjerd 14. mars
Søknadene om skulebyte blir ikkje behandla før politikarane har avgjort framtida til skulen. Oppvekst- og velferdsutvalet får saka på bordet 6. mars, før kommunestyret tek endeleg avgjerd 14. mars.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Arne Vinje (SV) uttala at det ikkje er noko veg utanom debatten om skulestruktur når så mange søkjer om skulebyte.
Om me seier nei til søknadene er ikkje problemet løyst. Om me seier ja, vil det gå utover elevgrunnlaget til skulen, seier ordføraren.
Det er ein spesiell situasjon. I Telemark blir skulestruktur diskutert så fillene fyk. Her er utgangspunktet annleis. Kommunen har i budsjettet lagt til grunn at skulen held fram, seier Vinje.
Til VTB seier Vinje at elevgrunnlaget ved skulen nok blir for lite dersom søknadene om skulebyte blir imøtekomne, men han vil ikkje meine noko om framtida til skulen no.