Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp). 
 (Arkivfoto)
Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp). (Arkivfoto)

Overlèt ansvaret til Vinje-senteret på 199-årsdagen til Vinje

Nynorsk kultursentrum overtek ansvaret for utvikling og drift av Vinje-senteret.

Overtakings- og driftsavtala om Vinje-senteret blei vedtatt med 21 mot 4 røyster i kommunestyret i Vinje torsdag – på 199-årsdagen for Aasmund Olavsson Vinjes fødedag. Senteret er tenkt å vera eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk.

Det er skissert at det vil koste 24 millionar kroner å setje i stand bygget. Det er søkt om midlar fleire stader. I kommunestyret kunne ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) informere om at Telemark utviklingsfond hadde avslått søknaden om støtte på 2 millionar kroner, men at det også er søkt om støtte frå Sparebankstiftinga og andre, mellom anna gjennom Landssamanlutninga av nynorskkommunar. Driftsbudsjettet er stipulert til 6 millionar kroner. Det er ein føresetnad at Stortinget og Telemark fylkeskommune bidreg monaleg til prosjektet. Det er løyvd 1,2 millionar alt i 2017 frå statleg hald, ein sum som er skissert til 3,2 i året når senteret er i drift. Vinje kommune bidreg med 1 050 000 kroner i året, i tillegg til gratis husleige (kostnadsrekna til 150 000 kroner).

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks tilsette

Kleven meinte det var naturleg at kommunen bidreg, og han avviste motsetning mot eit eventuelt kunsthus på Rauland. Han var også klar på at lokaliseringa var heilt opplagt.

– Det ville vore rart å ha Dyre Vaa-samlingane i Vinje eller Edland, sa han.

Vinje-senteret skal mellom anna halde til i det som tidlegare var Vinje skule, i tillegg til ny kontorfløy. Det er alt lyst etter dagleg leiar i senteret som skal ha fire heiltidsstillingar og to deltidsstillingar.

– Vinje-senteret vil tilføre kommunen noko nytt, og det vil gje ringverknader, sa Kleven som hadde tru på at senteret mellom anna vil trekkje turistar om sommaren, slik Nynorsk kultursentrum har gode erfaringar med ved Ivar Aasen-senteret i Ørsta og Hauge-senteret i Ulvik.

Usikre på finansieringa

Mindretalet på fire åtvara mot å vedta avtala. Dei var uroa for at finansieringa ikkje var på plass. Asbjørn Gardsjord (Ap) fremja på vegne av seg sjølv, og partifellene Kjellfrid Neset og Alf Seltveit framlegg om å avvise avtala. Dei fekk med seg Halvor Lognvik (Frp).

– Det er ikkje rett å gå inn på avtala med den økonomiske risikoen det kan innebere, sa Gardsjord og viste til at det var søknader om 17 millionar kroner det ikkje har kome svar på i eit prosjekt til 30 millionar.

Lognvik fylgde opp med å seie at han støtta tankane i desembermøtet med føresetnad om at dei nødvendige midlane måtte vera på plass. Seltveit meinte Vinje-senteret har snike i køen, og frykta det ville bli vanskeleg å få midlar til eit regionalt kunsthus på Rauland dersom Vinje-senteret alt har henta midlar.

Fleire representantar peika på at den økonomiske risikoen ikkje var til stades slik avtala er formulert med at det er ein føresetnad med støtte frå Storting og fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnshusdelen på Vinjar kjem til å bestå sjølv om Vinje-senteret blir etablert.

Før torsdagens kommunestyremøte feira representantane 199-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje med kake, diktlesing og allsong av Blåmann.