Overraska med litauisk ærespris
Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius blei mållause då Litauens honorære konsul Carl Thomas Carlsten overrekte dei The Lithuanian Prize of Honour laurdag kveld.
Vertskapet på Mjonøy trudde dei stelte i stand ein festmiddag til ære for norsk-litauisk samarbeid. Det var for så vidt òg tilfelle, men deltakarane på middagen let vere å fortelje vertskapet at middagen eigentleg var til ære for Ellen og Darius sjølve.
Prisen fekk dei for «framifrå felleskulturelt arbeid» med bakgrunn i det årelange samarbeidet dei to har hatt med å bygge opp handverks-, kultur- og turistsenteret Mjonøy. I tala si la konsul Carlsten vekt på at dei to eldsjelene i fellesskap har bygd opp ein kulturinstitusjon både Vinje, Noreg og Litauen kan vere stolte av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Varme nordmenn
Neringa Ceskeviciute er leiar for det statlege historiske arkivet i Litauen, og i år var det denne institusjonen som slutta seg til konsulatet og ambassaden sitt framlegg til prisvinnarar. Ho stilte seg fullt og heilt bak Carlsten sine rosande ord til Nordstoga og Jasmantavicius, og la til at ho var svært positivt overraska over nordmenn generelt.
Eg trudde mange nordmenn var kalde og vanskelege, men eg har møtt så utruleg mange varme menneske medan eg har vore her, sa Ceskeviciute og la til at ho var svært glad for at så mange kjende til Litauen.
Hardt arbeid
Eg vart svært overraska, og veldig glad. Det er flott at folk set pris på det me gjer, sa Darius Jasmantavicius etter prisseremonien. Han legg til at det er hardt arbeid å få ei slik drift til å gå på skinner. Både han og Nordstoga jobbar svært mykje i sommarsesongen.
Til saman på eit år jobbar me kanskje like mange timar som alle andre, men skilnaden er at me jobbar relativt lite om vinteren og tilsvarande mykje om sommaren, seier Jasmantavicius.
Han smiler litt når han fortel at han ikkje trur timelønna hadde vore den heilt store om han hadde sett seg ned og rekna på det.