Overraskar dalingane med ny bank
Medan andre bankar legg ned kontora sine, satsar Tinn Sparebank for fullt og opnar nytt kontor på Dalen.
– Dette er ein løyndom, og det er ikkje mange andre enn me i rommet her som veit at Tinn Sparebank opnar på Dalen. Det var nyleg at avtala om lokalane blei i orden, så då me tenkte at med ville «overraske» med eit nytt kontor, fortel rådgivar Hege Toril Rykkelid. Det er ho som skal ta i mot nye og eksisterande kundar på Dalen.
Prøveordning
Tinn Sparebank har signera leigeavtale med Kvito AS om kontor i bygget der verksemda «Hekti» held til, og opnar no eit representasjonskontor på Dalen under avdelinga på Rauland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har ein avtale om leige ut 2018, og ser på dette som ei prøveordning. Me har fleire kundar frå Tokke og Dalen på Raulandskontoret som no får høve til å møte Hege Toril på Dalen i staden, seier Svein Olav Gvammen, banksjef i Tinn sparebank.
– Me opnar 22. august og kontoret skal vere opent kvar tysdag. Eg gler meg veldig og håpar det blir godt motteken. Eg jobbar på kontoret på Rauland til vanleg, og ser fram til å jobbe på Dalen éin dag i veka. Det blir moro å ha kontor «heime». Eg både kjem i frå og bur på Dalen, så eg gleder meg til å vere tilstade for dei som bur her, fortel Rykkelid.
Satsar i bygdene
I tøffe banktider legg fleir bankar i Noreg ned lokalkontora sine, men det gjer ikkje Tinn Sparebank.
– Me har ein strategi om å vere tilstade i dei små bygdene der kundane våre bur. Me synes det er viktig at me kan gje fysisk rådgiving og rettleie kundane våre, seier Gvammen og held fram:
–Det er mykje som blir digitalisera i dag, men me trur på å vere fysisk tilstade og veit at kundane sett pris på det.
– For mange er det godt å kunne møte nokon personlig når man skal prate om sparing og lån. Er ein i etableringsfasen kan det vere trygt og godt å møte ein rådgivar som kan svare på det ein lurar på, legg Hege Toril Rykkelid til.