På bedriftsbesøk i eigen kommune
Dei fem folkevalde i formannskapet i Fyresdal får kunnskap om bedriftene i kommunen ved å besøke dei.
Betre på å sage enn marknadsføring
Fyrste stopp var hos Veum sag AS. Verksemda med 2,5 årsverk blei starta i 1999, og er eigd av brørne Torleiv og Kjell Harald Hansen.
Torleiv orienterte politikarane om at årleg blir material som ikkje blir skore på den lokale saga, kjøpt frå Bergene Holm for nokre hundre tusen kroner. På sagbruket blir det skore material til Fyresdal-verksemda Aktiv lek, ein leveranse til bortimot ein halv million kroner i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre tretilbod som kjem ut av saga er villmarkskledning, vanlege kledningsbord og stavlaft. Verksemda kjøper opptil 1600 kubikkmeter furutømmer i året av AT skog. Sagtømmeret kjem frå nærområda Fyresdal, Nissedal og Åmli, og det er viktig med tanke på minst mogleg transportkostnad.
– Omsetninga i fjor var på 3,5 millionar kroner og me hadde eit overskot på 460 000 kroner. Me har stort sett drive med overskot, sa Torleiv.
Han vedkjente at verksemda slit med ein veldig svingande marknad, og må konkurrere med store aktørar som Bergene Holm.
– Me er nøydd til å finne på nisjar. Me skjer på saga heile vinteren, sa Torleiv.
Tidlegare hadde verksemda eit problem med at dei ikkje blei kvitt bakhon – den barkhaldige delen av tømmerstokken. Dei får heller ikkje nå betaling for bakhonen, men slepp å betale frakta av virket som går til Holte gård i Drangedal. Der blir bakhonen flisa opp og bruka i fyringsanlegget.
– Holte gård redda oss der, sa Torleiv.
Så mimra han litt om då sagbruket blei etablert i 1999. Som rådmann og næringssjef den gongen ville dagens ordførar Erik Skjervagen (Ap) ha verksemda på industriområdet Molandsmoen i sentrum av bygda.
– Han gav seg han, sa Torleiv og humra litt då han såg på politikarane, også Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til to andre byggvareverksemder i Fyresdal sel Veum sag også materialar, som sagt kjøpt inn hos Bergene Holm.
– Er det mogleg at me også kan få innpass på trelast i Fyresdal kommune? Teknisk etat brukar ein del trelast i året, sa Kjell Harald til politikarane.
– Det må kunne gå an, svara ordføraren.
Elles fekk politikarane høyre at den beste marknadsføringa Veum sag har, er å levere på tida – i tillegg til kvaliteten. Men verksemda skulle gjerne hatt nokon til å marknadsføre for seg.
– Me kan produsere, men er ikkje flinke på sal, sa eigarane.
– Dei fem fyrste åra hadde me det tøft. Hadde me ikkje bruka så mykje av fritida, hadde me slite. Det var lite løn i starten, fortsette dei.
Jungeltelegrafen ordnar marknadsføringa
Neste stopp for formannskapet var hos Kile handlaft AS på Molandsmoen. Verksemda som Jan Kile styrer har ni tilsette. Fire av dei var denne dagen i arbeid på Vestkanten med hus i sveitsarstil og løe i stavlaft. Fire andre heldt på med ei hytte på heia. Neste jobb vil vere å setje opp eit hus i Kilegrend. Eitt år for ei tid tilbake var 50 prosent av jobboppdraga utanfor kommunen.
– Dei tilsette er så oppegåande at eg treng ikkje rundt og passe på dei, smilte Kile lett om at han er lite rundt på arbeidsplassane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årleg omsetning for verksemda ligg på mellom 7,5 og 10 millionar kroner, og snittresultatet har lege på ein pluss på 500 000 kroner. Elles nemnte Kile at verksemda nesten ikkje driv med marknadsføring, det ordnar jungeltelegrafen.
– Det meste arbeidet me har nå er på anbod, og me har jobb fram til jol. Før hadde me jobb to år fram i tid, slik er det ikkje lenger. Men me har aldri måtta permittere og har aldri vore utan arbeid. Kan ein få meir fart på hyttebygginga, aukar det på, sa Kile.
Så kom han med ei ytring:
– Mange byggjer fjøs i stålbygg og heile sulamitten. Kunne ein ha fått fleire til å bruke tre …
Med slikkepott og oppvaskbørste som arbeidsreiskap
Galleri Merleyn har i fleire år halde til i eit tidlegare forsamlingshus i Fyresdal sentrum. Sist januar flytta eigar Judith Bouman galleriet sitt inn i eit endå meir sentralt bygg der Nav og Posten var før.
– Eg skal ha offisiell opning til sommaren, for då er det femårsjubileum for galleriet, sa Bouman då formannskapet kom på vitjing.
Ho har selt bygget der galleriet var, og har ei leigeavtale på tre år på den for henne nye staden.
– Det er så nydeleg å vere her, og nå kjem bilda fram på ein heilt annan måte, sa Bouman, og la til at ho er glad damene som driv verksemder i Folkestadbyen har god kontakt med kvarandre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bouman byrja å måle bilde i 2010, og brukar mellom anna slikkepott og oppvaskbørste som arbeidsreiskap. Nå er 60 bilde stilt ut i galleriet, og nokre teikningar ho har laga.
– Det er litt skummelt, men også fantastisk, sa ho om at alle eigne bilde er utstilt.
Elles i lokalet har ho i gang to yoga-grupper med ti personar i kvar.
Like før politikarane skulle vidare, fekk dei med seg desse orda frå Bouman:
– Eg er utruleg glad i Fyresdal, og stortrivst her.
Idealismen driv verksemda
Aud og John Kristian Lukassen eig Meieriet kafé i Fyresdal sentrum, og drifta er inne i sitt femte år.
– Fyrste året gjekk kjempebra, men etterpå har det stagnert litt. Det er vanskeleg å drive på ein så liten plass, sa ekteparet då formannskapet kom på bedriftsbesøk.
– Det er eigentleg lokalbefolkninga me skal leve av. Me prøvar å vere kreative for å kome med det lille ekstra – det er veldig viktig, sa Aud.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit døme på noko ekstra var i fjor då verksemda fekk Vassendgutane til å opptre i bygda. Men arrangementet måtte ha hatt 100–150 fleire gjester enn dei som kom om det skulle ha gått greitt økonomisk.
Omsetninga i fjor var på 2,7 millionar kroner for kafeen, og rekneskapen viser raude tal – 30 000 kroner i minus.
– Det som er viktig er å kome i null – ikkje sitje med store overskot. Eg jobbar stort sett på dugnad i kafeen, og det er lenge sidan eg tok ut 3500 kroner i løn i månaden, sa Aud til eit noko overraska formannskap om null kroner i løn til eigaren.
– Når ein driv her i bygda, må ein oppgradere. Det ein kunne tatt ut i løn, må ein kjøpe nytt for i staden, sa John Kristian, og nemner ei utfordring – kafeen treng meir enn det eine toalettet i dag.
– Så det er idealisme som driv verksemda, spør bladfyken.
– Ja, svarar Aud.
– Med alle dei fornøgde gjestene tenkjer me at me er heilt nøydd til å fortsette, held ho fram.
– Og det har blitt ein livsstil, legg ektemannen til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er om lag tre årsverk i Meieriet kafé. Om sommaren har verksemda opptil ti personar i arbeid.
– Me satsar på eit ungt arbeidsmiljø, og det fungerer veldig bra. Det er ei stor støtte for oss å få 50 kroner timen i tilskot av kommunen til ungdom i sommarjobb, seier Aud.
– Me klarar å halde nokon i arbeid. Det er viktig at ungdomen får jobbe i heimbygda, skyt John Kristian inn.
Tek gjerne fleire slike dagar
Formannskapet avslutta dagen med å innom Momrak verkstad AS, som i januar 2015 flytta verksemda til Molandsmoen. Politikarane fekk høyre at verksemda har ni tilsette fordelt på 8,5 årsverk og skal ta inn lærling i vår. Omsetninga var i 2016 på om lag 11 millionar kroner, og det blei rundt 400 000 kroner i overskot. I periodar er det mykje å gjere på verkstaden, som ikkje har hatt permitteringar.
Etterpå gjekk politikarane nokre meter bort til Telemarkrøye AS, for orientering om verksemda som byggjer seg meir og meir opp. I år skal totalt 34 tonn røye opp av anlegget i Fyresvatn, det er den mengda fisk som er klar for sal.
Då politikarane var ferdige med runden sa to av dei dette om bedriftsbesøka:
– Det har vore kjempegøy og ein vellykka dag, og det var fascinerande å sjå på fisken hos Telemarkrøye. Med besøka i dag har me fått mykje meir kunnskap om kvar enkel bedrift enn ein får elles. Veum sag visste eg lite om, seier Elisabeth Gasmann (Sp).
– Dette har vore ein veldig bra dag. Det er interessant å kome rundt og bli oppdatert og informert, og viktig at me politikarane viser oss fram. Eg tek gjerne fleire slike dagar, seier Anne Serine Nærum (Ap).