På ferie med slåmaskina
Knut Rune Tveiten frå Edland har i årevis bore på ein noko spesiell draum, som involverar mellom anna ei slåmaskin frå 1967 og 400 mil med landeveg. No er draumen på veg til å bli verkeleg.
Tveiten, populært kalla Pippen, har hatt slåmaskina i 15 år. No har han bygd ho om for å dra på langtur.
Eg har fantasert om dette i årevis, og no er ungane så store at eg kan stikke av litt, seier Pippen med glimt i auga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ferda startar i Lindesnes 15. april neste år, og slåmaskinføraren har sett av sju månader til reisa.
Eg har i alle fall sagt frå at eg ikkje kjem, gliser Pippen på spørsmål om han har fått permisjon frå jobben som kyrkjetenar i Vinje og Nesland.
Reknar med litt svinn
Eg køyrer så langt doningen gjeng, men det hadde no vore moro å kome seg heilt til Nordkapp, seier den kreative kyrkjetenaren.
Han reknar med minst eitt motorhavari på turen, men seier at han får ta det som det kjem. Ei lita verktøykasse er alt han skal ha med for å reparere på doningen, så får ein heller håpe at eventuelle reservedelar dukkar opp langs vegen. Det er nemleg ikkje allverda med plass i køyretøyet til slikt, sjølv om Tveiten til og med har laga ein liten kjellarlem med ein ti centimeter høg kjellar under.
Innvendig er hytta to meter lang. Det er akkurat plass til ei lita seng, ein minikjøkkenbenk og ein liten vedomn som syrgjer for god lunk i hytta.
Det blir gjerne litt vel varmt på føtene når eg skal sove, seier Tveiten.
Sosialt køyretøy
Røyken ligg tjukt over parkeringsplassen til Spar i Haukeli. Pippen har fyra godt til ære for VTB, og det er ikkje berre bladfyken som blir imponert over fasilitetane til doningen. Stadig vekk kjem folk bort for å kikke på, beundre og le litt av tohjulstraktoren med det vesle huset på.
Eg har aldri fått noko negativ merksemd når eg har vore ute med denne. Det gjeng ikkje akkurat fort, men ingen blir sure når dei blir liggjande bak meg. Dei vinkar og smiler når dei køyrer forbi. Det hadde ikkje skjedd om eg hadde køyrd ein flunkande ny bubil, seier Tveiten og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
Te dyrare bil du heve, te dårlegare mottaking fær du. Så eg får kjempegod mottaking over alt, eg.
Null reklame
Pippen har planane klare for både dusjfasilitetar og uteområde med sitjeplassar. Den eine veggen i hytta kan slåast opp for å fungere som tak over sitjeplassane. Førebels er det berre ein grå vegg, men før turen skal han dekorerast av den lokale kunstnaren Bjørg Astrid Gulset. Tveiten skal òg få opp eit kart over Noreg slik at han kan teikne inn reiseruta si etter kvart som ho blir til. Noko sponsorreklame skal han ikkje ha på køyretøyet sitt, for han har ikkje mykje til overs for kommersialisering.
Tveiten har rekna seg fram til at om han køyrer ein time kvar dag, kjem turen på 400 mil frå Lindesnes til Nordkapp til å vere unnagjort på 200 dagar. Men det er ikkje det å kome fram som er målet med turen. Han reiser for å sjå seg rundt, treffe folk og for å få seg ein skikkeleg langtur.
Han er ikkje bekymra for å bli einsam på turen, for køyrer du ein slik farkost blir du invitert inn over alt, meiner Pippen.
Eg er på mopedtur med ein gjeng Tempo-entusiastar kvar sommar, og då blir eg beden inn til folk rett som det er, berre fordi eg køyrer ein gamal moped, seier han før han held fram:
Men me reiser ikkje langt og lenge nok på Tempo-turane, synest eg. Derfor skal eg ta skikkeleg i denne gongen, seier Tveiten, før han startar opp slåmaskinmotoren og durar heimover medan røykskya står frå pipa. På parkeringsplassen til Spar står alle og kikkar etter han heilt til hytta forsvinn bak trea.