På jakt etter islandske arbeidstakarar
Utsendingar frå Vest-Telemark dreg i dag til Island for å delta på ei jobbmesse i Reykjavik i morgon og laurdag. Målsettinga er å lokke islendingar til mange av dei ledige jobbane i regionen. Sjølv i økonomiske krisetider er det over 30 ledige jobbar i oversikta til Nav.
Olav A. Veum, dagleg leiar i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF), bygdelivsmeklar Emilie Aspelin, Nav-leiar Gerd Kari Skaalen og hotelleigar Stig Ellingsen i Seljord vil vere på plass i den islandske hovudstaden i løpet av kvelden.
I den strategiske næringsplanen for Vest-Telemark er eit rekrutteringsprosjekt ein sentral del. Målsettinga er å hjelpe verksemdene i regionen med å skaffe seg kvalifisert arbeidskraft, seier Olav A. Veum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om alle har stor sympati for dei som er permitterte i regionen, er det framleis etterspurnad etter arbeidskraft. Veum seier det er eit vidt spekter av stillingar dei kan tilby interesserte islendingar. Det gjeld mellom anna ingeniørstillingar til både Stakraft og ScanaMarel, IT-stillingar ved Novelda i Kviteseid, biologstillingar hos Faun i Fyresdal og Attføringsinstituttet i Rauland leitar mellom anna etter kjøkensjef.
Hotelleigar Stig Ellingsen er på jakt etter to personar som kan ynskje seg jobb på Seljord hotell.
Variert jobbtilbod
I Nav-systemet er det tilbod om over 30 ledige stillingar i Vest-Telemark. Det er absolutt ljospunkt på jobbmarknaden i regionen, sjølv om mange synest det er eit paradoks når mange verksemder må permittere eller seie opp tilsette, seier Veum.
Nav er partnar i Nav-Eures som er arbeidsformidlingstenesta i EU.
Delegasjonen frå Vest-Telemark meiner det er ein føremon med deltaking på jobbmessa i Reykjavik at dei vil møte potensielle arbeidssøkjarar som kan eit skandinavisk språk.
Knyte kontaktar
Me vonar å treffe mange islendingar og lodde stemninga for å skaffe seg jobb i Noreg og Vest-Telemark. Eg trur me kan få mange nyttige kontaktar med denne turen, seier Olav A. Veum.
Bygdelivsmeklar Emilie Asplin har med seg fine brosjyrar som viser at ho representerer ein region med vakker natur, kultur og som er ein flott stad å bu.
Me har mange kompetansearbeidsplassar som treng tilsette og som kan by på spennande og utviklande arbeidsoppgåver, seier Emilie Asplin.