Kikkerten er viktig på reinsjakta, noko Ole Løken Nordli (17) for lengst har erfart.
Kikkerten er viktig på reinsjakta, noko Ole Løken Nordli (17) for lengst har erfart.

På jakt etter skogsreinen

Tvillingbrødre frå Treungen er blant dei som er glade i utfordringa med å jakte rein i Våmur-Roan villreinområde. Men den såkalla skogsreinen er ikkje alltid lett å finne, i alle fall ikkje i det lågaste jaktterrenget.

Våmur-Roan villreinområde ligg i Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, og strekkjer seg frå Roan til fjellet vest for Treungen. I 1992 blei det opna for prøvejakt på ti rein for å sjå om det var tilrådeleg med ordinær jakt framover. 25. august det året blei historisk for Nissedal, då fyrste reinen blei felt i kommunen.

Året etterpå blei det opna for vanleg jakt på det totalt 408 000 dekar store arealet. Fellingskvoten for 2017 er sett til 80 rein fordelt på frie dyr, simle/ungdyr og kalv. Det var same kvoten i fjor, då fellingsprosenten blei 75. Kvoten er sett ut frå eit mål i villreinlaget om ei vinterstamme på om lag 200 dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Null rein

Det er samjakt i heile villreinområdet frå fyrste jaktdag, ei løysing villreinlaget ser som naudsynt om ein skal få effektivt uttak av dyr.

Tidleg om morgonen 20. august er fyresdølane Pål Kjetil og Kolbjørn Kiland og nissedølane Jan Arvid Setane og eg klare til å gå mellom anna i Midvassheia sør i villrein- området. Fleire andre jegerar er på plass lenger sørvest, men det skulle vise seg at innan lange gåturar var over kunne alle notere 0 på skjemaet for sett-rein. Likevel, me var i alle fall i gang, og naturgleda var på plass.

Jan Arvid har slakta hjortedyr i mange år,og lærer her frå seg til Robin. Å henge opp dyret og ikkje haste med knivbruken gjev eit godt slakteresultat. Underkjeven på felte rein må takast ut og bli reingjort før han skal leverast inn til villreinlaget.
Jan Arvid har slakta hjortedyr i mange år,og lærer her frå seg til Robin. Å henge opp dyret og ikkje haste med knivbruken gjev eit godt slakteresultat. Underkjeven på felte rein må takast ut og bli reingjort før han skal leverast inn til villreinlaget.
15 år gamal skaut Robin Løken Nordli sin fyrste rein. Denne ungbukken la han nedpå sist laurdag i Våmur-Roan villreinområde. Bak frå venstre er tvillingbroren Ole, Jan Arvid Setane og sonen Lars Christian.
15 år gamal skaut Robin Løken Nordli sin fyrste rein. Denne ungbukken la han nedpå sist laurdag i Våmur-Roan villreinområde. Bak frå venstre er tvillingbroren Ole, Jan Arvid Setane og sonen Lars Christian.
Nissedølen Jan Arvid Setane (t.v.) og fyresdølane Pål Kjetil og Kolbjørn Kiland i starten på årets fyrste jaktdag på rein. Heile villreinområdet fordelt på Nissedal, Fyresdal og Kviteseid er på 408 000 dekar.
Nissedølen Jan Arvid Setane (t.v.) og fyresdølane Pål Kjetil og Kolbjørn Kiland i starten på årets fyrste jaktdag på rein. Heile villreinområdet fordelt på Nissedal, Fyresdal og Kviteseid er på 408 000 dekar.

På same dagen i fjor blei det observert totalt 157 rein fordelt på 18 flokkar i det vidstrakte villreinområdet.

15-åringar fekk rein

Det er ei aukande interesse blant unge jegerar for å bli med på reinsjakta mellom Nisser og Fyresvatn/Hauggrend. Blant tenåringane som ivrar etter å kome seg ut i terrenget med børse, er tvillingane Ole og Robin Løken Nordli. I 2015, det året dei fylte 16, var fyrste hausten brørne kunne delta på storviltjakt med våpen, under forsvarleg tilsyn av erfaren jeger som har fylt 20 år. Sjølvsagt måtte dei fyrst ha bestått jegerprøva og skyteprøva for storviltjegerar.

Både Ole og Robin fekk skote kvar sin rein alt fyrste jakthausten, og før dei fylte 16 år. Større smil enn det ungdomane hadde etterpå skal ein leite lenge etter, og jaktepisodane ligg nok klistra for resten av livet.

Laurdag 26. august i haust var dei to vidaregåande skuleelevane klare for årets fyrste reinsjaktdag saman med forsvarleg tilsyn, slik kravet er. I området ved Dyrevassheia var det ingen dyr å sjå, og same utfallet blei det dagen etter på turen heilt sør i villreinområdet. Neste dag kunne berre Robin av brørne jakte, men turen til Førheinutane viste ikkje teikn til rein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einsleg ungbukk

Til lågare ein jaktar i villreinområdet, til verre er det å oppdage dyr. Myrdrag blir ofte etterfylgt av skogområde der ein nesten må gå på reinen for å oppdage han. Det kan jo vere spenning i det også, men mange jegerar føretrekkjer heller høgfjellet og bruk av kikkert der.

Laurdag 2. september er Ole og Robin klare for jakt igjen, denne gongen saman med Jan Arvid Setane, sonen Lars Christian og meg. Me gjekk inn heilt sørfrå i villreinområdet i eit terreng ein ung jeger hadde skote sin fyrste rein dagen før.

Etter eit par timar var det tid for ein kvil og speiding. Plutseleg melder Lars Christian at han i kikkerten ser ein einsleg rein like nord for Øvre Grottjønn. Ole sit med meg, men me har ikkje lagleg vind for å kunne gå innpå dyret. Derfor blir det Jan Arvid og Robin som skal prøve seg. Utfordringa er at dei fyrst må forsere eit myrområde i håp om at reinen ikkje oppdagar kva som er på gang.

Lars Christian sit på same staden, og melder over jaktradioen at reinen har gått inn i skogen og er ikkje å sjå lenger. Kan dyret ha blitt støkt og forsvunne?

Såg på kvarandre

Jan Arvid og Roger har kome nesten dit reinen blei sett sist. Dei vinklar mot vest, og etter nokre meter er det augekontakt med reinen.

Dyret er av rett type som Robin har fellingskort på. Han seier i ettertid dette om tida frå reinen blei oppdaga gjennom kikkert og fram til møtet med dyret:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg fekk bekrefta at dette var ein rein me kunne skyte, blei det spenning med ein gong. Og det var moro at det blei meg som fekk gå innpå dyret. Fyrste tida me gjekk mot reinen såg eg han fleire gonger, men så forsvann han inn i skogen. Då me kom dit, stod reinen og såg på oss. Han var om lag 50 meter unna og kom gåande imot oss, stoppa, og gjekk så endå litt i vår retning. Me fekk noko vind i ryggen, reinen ville av stad, men då gjekk skotet så fort eg såg breisida. Reinen ramla i bakken – det var ei god kjensle.

– Var du nervøs?

– Då eg såg dyret skalv eg litt, men eg var veldig fokusert, svarar Robin.

Gildaste han veit

Ole og Robin har vakse opp med jakt og det å vandre i naturglede.

– Eg er veldig glad i å gå i heiane, og reinsjakta fascinerer meg. Det er veldig spennande å snike seg inn på dyra, og å klare det utan å støkke dei. Jakt er det gildaste eg veit. Utan tvil, seier Robin med eit tydeleg smil.

Det blir nok meir reinsjakt på både han og broren i haust, om moglegheita er der. 27. september er tvillingane 18 år og kan jakte aleine med børse. I år etter år.