To dagar i veka arbeider fjortenåringen Frikk Nyland Åmlid ved Rønning Maskin. – Eg likar meg godt her. Det er veldig bra å gjera noko anna enn å gå på skulen, seier Frikk.
To dagar i veka arbeider fjortenåringen Frikk Nyland Åmlid ved Rønning Maskin. – Eg likar meg godt her. Det er veldig bra å gjera noko anna enn å gå på skulen, seier Frikk.

På jobb halve veka

Kvar tysdag og fredag jobbar seljordingen Frikk Nyland Åmlid (14) ved Rønning Maskin.

Dei resterande tri vekedagane er Frikk elev ved Seljord ungdomsskule. Ungguten synest det er bra han har sjansen til å gjera noko anna enn å vera på skulen kvar dag. Skuledagar blir fort kjedelege, meiner Frikk.

– På Rønning Maskin monterer eg snøfresarar, steller i stand motorsager og prisar varer. Eg hjelper eigentleg til med alt som trengs, fortel Frikk Nyland Åmlid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frikk likar å skruve. Det har han alltid gjort.

– Det er kult å mekke. Det er det eg likar å gjera. Derfor er det bra at eg får lov til jobbe på Rønning Maskin i staden for å gå på skulen heile tida, meiner Frikk.

Vegar Haugland, John Olav Haugetuft og Oddbjørn Kilen ved Rønning Maskin er godt nøgde med ung arbeidskraft.

– Frikk er til stor hjelp for oss. Han gjer veldig mykje me har god nytte av, kyter arbeidskollegaene.

– Altfor teoretisk skule

I fleire år har elevar i 8., 9. og 10. klasser rundt om i Vest-Telemark hatt mogelegheit til å jobbe ved ulike bedrifter i bygdene. Elevane, som oftast er skuleleie eller ynskjer avveksling frå den ordinære skulekvardagen, har sjølv kome med ynskje om kvar dei ynskjer å arbeide. Lærar Bergit Telnes og rådgjevar Arne Øy ved Seljord ungdomsskule meiner utplassering i arbeidslivet er ein god pedagogisk opplæringsmetode.

– Det er klart nokre av elevane våre blir veldig leie av skulen. Skulen er veldig teoretisk, og all denne teorien passar ikkje alle. Eg meiner me må bli endå flinkare til å sjå kva behov kvar einskild elev har og prøve å ta vare på desse ynska så godt me kan, seier Bergit Telnes.

All røynsle tilseier at tilpassa opplæring er fruktbart.

– Skuletrøytte elevar kviknar ofte til dersom dei får seg ein dag eller to utanfor skuleveggane. Om unge menneske kjenner at dei gjer nytte for seg på område dei meistrar, viser det seg at desse gode erfaringane også gjer resten av skulekvardagen lettare. Ein dag ute kan letne veldig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vist godvilje i 20 år

Utplassering frå skule til bedrift skjer i samråd med eleven sjølv, foreldre og lærarar. Men også det lokale næringslivet tyder mykje for at utplasseringa kan bli ein realitet.

– Næringslivet i Seljord har vist ein veldig godvilje i over 20 år nå. Nesten gjennomgåande har me positive erfaringar når unge menneske får prøve seg i arbeidslivet. Dei aller, aller fleste kjenner ansvar for tilliten dei får. Erfaringane våre er at ungdomane syner stor velvilje i møte med arbeidslivet – ofte ein velvilje me lærarar ikkje maktar å oppnå, seier Øy.

– Må ikkje bare syte og klage

Bergit Telnes meiner ein må koma sytekulturen i skulen til livs. Det er meir å seie om skulekvardagen enn dårlege skulebygningar og gamle bøker, meiner Telnes.

– Me må ikkje bare syte og klage. Det er veldig mykje positivt med skulen i Vest-Telemark. Me er langt framme innan entreprenørskap, som er eit felles satsingsområde i heile Vest-Telemark. Skulane har stor lokalkunnskap og fungerer som eit kraftfelt i lokalsamfunna, presiserer ho.

Telnes meiner at skulen i Vest-Telemark er god på tilpassa opplæring.

– Me gjer det på kåns eigen måte. Her i Seljord har me mellom anna elevbedrifta «Benkpress» der fem gutar lagar utebenkar. Me har elevar som lagar skuleavis, steller i stand festar, arrangerer joleball, sel mat i kantina og produserer film. Me gjer dette med tilpassa opplæring på kåns måte. Eg trur det er viktig at ein finn måtar som er gode for den einskilde elev, seier Telnes.