Leiar i Kviteseid demensforening, Monica Øygarden Halvorsen, og Kåre Andresen storkosa seg på tur. (For fleire bilde, trykk på bildet og bruk piltast til høgre)

(Privat foto)
Leiar i Kviteseid demensforening, Monica Øygarden Halvorsen, og Kåre Andresen storkosa seg på tur. (For fleire bilde, trykk på bildet og bruk piltast til høgre) (Privat foto)

På kanalcruise i sommarsol

Eldre frå Kviteseid og Seljord storkosa seg då demensforeninga i Kviteseid inviterte til utflukt med kanaldronninga M/S Victoria i nydeleg sommartemperatur tysdag. – Gleda dei eldre viste inspirerer oss til å halde fram å jobbe med demensforeninga, seier leiar Monica Øygarden Halvorsen.

Det var eigentleg ein heilt vanleg tysdag, for dei fleste, men ikkje for alle. Det var dagen då Kviteseid demensforening hadde invitert til kanalcruise med M/S Victoria.

Dronnninga frå 1882, som fartar mellom Skien og Dalen heile somrane på Telemarkskanalen, skulle ha med mange gjester som ikkje hadde besøkt henne på mange år. Fleire av dei kunne fortelje at dei ikkje hadde vore om bord sidan dei var små.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førre gong var truleg då me var på sundagsskuletur til Fjågesund, eg var truleg 8–9 år den gongen, smilte ei av kvinnene som såg fram til reisa.

Utanfor Kviteseid omsorgssenter (Kos) stod bussen klar saman med representantane frå demensforeininga som ynskte gjestene velkomne.

Nokon hadde fått skyss frå heimen, andre kom frå Kos og Midtsundtoppen.

Bare rusleturen ned til bryggja vekte mange gode minne. Som å kjenne grus under skoa, gamle stabbesteinar langs vegen og lukta av liljekonvall.
Bare rusleturen ned til bryggja vekte mange gode minne. Som å kjenne grus under skoa, gamle stabbesteinar langs vegen og lukta av liljekonvall.
Med norske flagg blei kanaldronninga helsa velkomen inn til Fjågesund bryggje.
Med norske flagg blei kanaldronninga helsa velkomen inn til Fjågesund bryggje.
Om bord på M/S Victoria fekk Aage Haatveit og dei andre gjestene servert bakst og kaffi. (Privat foto)
Om bord på M/S Victoria fekk Aage Haatveit og dei andre gjestene servert bakst og kaffi. (Privat foto)
John Wiik og Aase Venås frå Seljord kosa seg om bord i det flotte vêret.
John Wiik og Aase Venås frå Seljord kosa seg om bord i det flotte vêret.
Mona Riis og Harald Holte storkosa seg på Kviteseidfjorden – om bord på kanaldronninga.
Mona Riis og Harald Holte storkosa seg på Kviteseidfjorden – om bord på kanaldronninga.
Både Gunn Åse Moen og mor Gudny Moen fullrosa den flotte turen som demensforeninga skipa til.
Både Gunn Åse Moen og mor Gudny Moen fullrosa den flotte turen som demensforeninga skipa til.
Sverre Bjørn Sørensen kosa seg på tur.
Sverre Bjørn Sørensen kosa seg på tur.
Kaptein på M/S Victoria, Roy Glemmestad frå Vrådal.
Kaptein på M/S Victoria, Roy Glemmestad frå Vrådal.
Victoria på veg ut Sundkilen.
Victoria på veg ut Sundkilen.
M/S Victoria
M/S Victoria
Bussjåfør Kristine Riis Brauti frakta cruisegjestene
Bussjåfør Kristine Riis Brauti frakta cruisegjestene
Kåre Andresen kosar seg på dekk.
Kåre Andresen kosar seg på dekk.
Svingbrua - Sunkilen bru
Svingbrua - Sunkilen bru
Margit Bjaaland nyter utsikten
Margit Bjaaland nyter utsikten
Båttur i solskin
Båttur i solskin
Kaffikos
Kaffikos
Servering av kanelsnurrar og kaffi.
Servering av kanelsnurrar og kaffi.
Therese Mortensen, Monica Øygarden Halvorsen, Mona Riis, Silje Blomstadli og Randi Haugli.
Therese Mortensen, Monica Øygarden Halvorsen, Mona Riis, Silje Blomstadli og Randi Haugli.
M/S Victoria
M/S Victoria
Victoria kjem til Fjågesund brygge
Victoria kjem til Fjågesund brygge
Fjågesund
Fjågesund
Påstigning i Fjågesund
Påstigning i Fjågesund
Båttur i solskin
Båttur i solskin
Styret i demensforeninga ventar på gjestene utanfor Kviteseid omsorgssenter.
Styret i demensforeninga ventar på gjestene utanfor Kviteseid omsorgssenter.
På veg ned til Fjågesund brygge. 
(Privat foto)
På veg ned til Fjågesund brygge. (Privat foto)
Gunhild Briskelid, Synnøve Blom og Sigrud Borgenvik kosar seg i sola.
Gunhild Briskelid, Synnøve Blom og Sigrud Borgenvik kosar seg i sola.
Tilsette og bebuarar vinka til båten frå Kos
Tilsette og bebuarar vinka til båten frå Kos
Velkomen til Kviteseid.
Velkomen til Kviteseid.

– Me er så glade for at me også fekk lov til å bli med i dag, at det var ledige plassar, seier Aase Venås som kom saman med tre bebuarar og ein anna tilsett frå Nesbukti i Seljord.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              

Gras mot leggane      

Då alle var på plass i bussen starta reisa, og minne om gamle stadnamn og hendingar dukka fram medan bussen svinga seg i retning stoppestaden.

Vel framme i Fjågesund var det godt å kjenne den varme sommarlufta i håret.    

– Kom gå med meg her litt lengre inn på vegen, inviterte leiar i demensforeininga, Monica Øygarden Halvorsen – men tilbodet blei avslått – gleda av å kjenne graset kisle mot bare leggar måtte bli opplevd.

Rusleturen frå parkeringsplassen der Kristine sjåfør stoppa bussen, og ned den bratte bakken som svingar seg til Fjågesund bryggje, hadde skapt hovudbry for foreiningsleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Huff som eg grua meg til den bratte bakken, litt langt å gå kunne det også blitt for nokre av dei eldre. Men det gjekk så fint, det blei ei sterk oppleving, innrømmer Halvorsen.

Bruka alle sansane

Ikkje lenge etter at føtene var plassert utanfor bussen starta mange av dei eldre å kommentere. Kommentere alt det som ein annan tar for gitt. Gleda av å kjenne grus under skoa, ulent underlag eller grastustar i vegbanen. Gleda av å kjenne naturen i nasen – høyre lauvet rasle svalt i sommarlufta. Solstrålar som varma i kinna og lukta av nysprungen liljekonvall.

– Og sjå, slike stabbeteinar var det jamt på alle vegar før, smilte ein nøgd kar som trødde i godt driv nedover bakken. Kåre Andresen storkosa seg, han nytte kvart einaste sekund. Gleda av å vere på tur var tydeleg.

– Eg kjem frå Oslo, og har ikkje budd her på landet så lenge. Men eg har vore mykje på båt, fortalde han og mimra frå tidlegare tider.

Ein pust i bakken

Vel nede ved bryggja henta representantane frå demensforeininga fram benkar slik at alle fekk kvile seg fram til båten kom.

Natur og utsikt blei betrakta.

– Det er vakkert i Fjågesund, kommenterte fleire.

– Men det er vakrare i Bergstod, la Aslaug Lauvstad stolt til. Aller helst skulle gjestene fått stige om bord i kanaldronninga i Bergstod, men slik blei det ikkje denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Neste gong må det bli frå Bergstod, ja neste år då me må på tur att må det bli avreise frå bryggja der, smilte ho.

På cruise

Då klokka tikka ti minutt over tre starta gjestene å sjå etter kanalbåten, og der kom ho rundt neset lengst der ute med Bergstod som bakgrunn.

Vakker og majestetisk på same tid på eit blikkstille Flåvatn – stødig losa av kaptein Roy Glemmestad frå Vrådal.

Kåre Andresen var snar om å kome seg fyrst ut på bryggja der ulandgangen låg.

– Eg har vore sjømann, eg har jobba med mykje forskjellig på båt, sa han og vinka kanalbåten velkomen til kai.

Mimring, song og kaffi

Vel om bord på den 96,6 fot lange båten samla gjestene seg akterut på dekk. Det var folksamt på båten denne tysdagen. Om lag 70 passasjerer kunne ein telje.

Då alle hadde funne seg plass kom beteninga med nysteikte kanelsnurrar og kaffi til cruisegjestene frå Kviteseid. Og som det smaka. Ein kom ut av teljinga over kor mange gonger det blei poengtert at dette var fantastisk.

Freistar med fleire turar

Nasjonalforeninga for folkehelse sponsa utflukta til lokallaget med 10 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Resten av utgiftene til båttur, servering og leige av buss betalte demensforeininga. Turen var gratis for alle dei 28 gjestene. Og bussjåfør Kristine Riis Brauti stilte opp på dugnad for å frakte oss trygt frå omsorgssenteret til Fjågesund og då me kom heim att til brygga i Kviteseid stod ho og venta på oss for å køyre tilbake til Kos og Midtsundtoppen. Det var veldig snilt, smiler Halvorsen.

Ho seier at tysdagens utflukt skapte ein god positivitet og glede som gjorde henne rørt.

– Alt gjekk så knirkefritt. Me i foreininga var alle einige om at det var litt jobb å få denne turen til, men det var verkeleg så verdt det når ein ser kva ein får tilbake. Gleda samtlege viste, seier ho.

Og det var tydeleg at turen vekte mange og gode minne.

– Dagen etter turen var det framleis den store «snakkisen» blant bebuarane på Kos. Så nå skal me lage minnebok med bilde, og me i demensforeininga ynskjer å få til fleire turar etterkvart. Dette inspirerte oss til å halde fram å arbeide for denne saka. For glede smittar – og inspirerer, seier Halvorsen.