På kartet så det monna
I 1996 kunne Tarjei Gravalid vise fram den fyrste hytta i hyttefeltet Bikkjelidkosi på Seljordshei. Han var litt uroa over at feltet og Hei ikkje var så godt kjent når hyttene blei lagt ut for sal i sentrale strøk, mellom anna i Oslo. No har Gravalid «kome på kartet» så det monnar. Alle verksemdene og institusjonane i Seljord sentrum, mellom anna helsesenteret, er plasserte i Bikkjelidkosi, skal ein tru det elektroniske kartet på Gule sider. Og det er ikkje bare i Seljord bedriftene er «flytta til fjells». I heile Vest-Telemark kan ein koma på viddene om ein fylgjer rettleiinga til Gule sider.
For 14 dagar sidan fekk Tarjei Gravalid ein bil opp i tunet sitt på Seljordshei. Bilen var full av ungdommar som kom køyrande frå Bø. Dei ville gjerne vita kor langt det var att til bilopphoggaren.
Eg trudde dei tulla, men etter kvart så viste det seg at dei hadde bruka gule sider og fått beskjed om at det var i nærleiken. Dei hadde og prenta ut eit kart som viste køyreruta som eg fekk sjå. Eg tenkte at dette var nok truleg eit eingongstilfelle, men så på førre laurdag kom det ein kassebil opp i tunet som lura på om det var langt att til Rimi, seier Tarjei Gravali.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tarjei Gravali heve eit hyttefelt på staden, og har i 14 år prøva å sett Seljordsheia på karta, men no har det blitt litt mykje sidan heile Seljord sentrum har kome i tunet.
Mest 75 bedrifter i Seljord er kartfesta til Seljordsheia på gule sider sine nettkart. Mest alvorleg er det nok at helsesenteret med legevakt òg er plassert til Bikkjelidkosi.
Tarjei Gravali var innom kommunen for å gjera dei oppmerksame på stoda, og no blir det jobba med å finne fram til kvar det har gått galt.
Frustrerte
I 2007 fekk alle offisiell gateadresse. Me har sjekka på Statens kartverk at det er ajourført og rett i registeret, men ein eller annan stad har noko gått galt. I Seljord er det fleire bedrifter som har hamna på Seljordshei. Det er frustrerande over at dette er resultatet av det arbeidet me har lagt ned i å registrere adresser og husnummer. Dette er òg direkte helsefarleg. Det er mange som nyttar nettet i dag til å finne fram, og då er det ikkje heldig at kartet viser feil lokalisering for legevakta. Men dette gjeld ikkje berre i Seljord, seier avdelingsingeniør i Seljord kommune, Bjørn Arild Hagen.
Mange feilvisningar
Ved nærmar kikk på Vest-Telemark viser det seg at alle kommunane har mange feilvisningar til bedrifter, politi, legevakt, skular og privat næringsliv.
I Nissedal har kommunelegen, Coop prix, Raude kors og 48 andre selskap hamna oppe i Øverlandsdalen. Dei er heldige, for hit går det bilveg på kartet. Men i Fyresdal er det verre. Her har Gimle skule, Telemark bilruter og 45 andre selskap hamna uti Fyresvatnet utanfor Fardal.
I Vinje må ein verkeleg streve for å koma til legekontoret, for det er i fylje kartet rett ved Kolsnuten ved Vonskinfjellet, og dit er det ikkje bilveg. I Tokke har også helsestasjonen fått plass opp rett ved Stemnetjørn ved Froland. Og Vest-Telemark Blad har saman med 27 andre i Kviteseid flytta opp til Tjønnstaultjørni i Kviteseid.
Vest-Telemark Blad forsøkte å få tak i kartansvarlege ved Gule sider i går før avisa gjekk i trykk, men det lukkast ikkje å få noko kommentar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fram til ein veit noko meir bør ein difor ikkje stole på nettkarta eller køyrerettleiinga til gule sider. Då kan ein ende opp på dei merkelegaste stader