På kløvertur til Ågapet
Tysdag kveld inviterte Kviteseid sanitetsforening til kløvertur i nærområdet.
Turmålet var rasteplassen i Ågapet, som ligg vakkert til på den nye Dalaåi turveg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Turvegen startar eigentleg ved Kviteseid bryggje, og går vidare langs gjestebryggja til gang- og sykkelvegen forbi Kyrkjehamaren. Deretter held han fram forbi Fikjan der det er eit frodig fugleliv. På veg til Ågapet kan ein også nyte den flotte utsikten utover Sundkilen. Om ein ynskjer å rusle vidare frå Ågapet kan ein fylgje turvegen vidare langs Dalaåi opp til Mossebroi og ned att.
Sanitetskvinnene fekk nydeleg sommarvêr tysdagskvelden, og dei frammøtte kosa seg lenge med skravling, kveldsmat og kaffi på rasteplassen, før alle rusla heim til sitt.
Neste arrangement for Sanitetskvinnene er sommaravslutninga på Granlien 13. juni, der dei inviterer alle – om ein er medlem eller ei.