På laurdag var det fleire her enn det er innbyggjarar i Tromsø
Dyrsku’n knuser stadig nye rekordar. Dagleg leiar Geir Helge Espedalen er storfornøgd, men trur ikkje det er plass til så mange fleire på Dyrskuplassen.
Du merka det nok kanskje sjølv om du var på Dyrskuplassen laurdag. Har det nokon gong vore større trengsel i gatene her, tenkte du kanskje. Det har det faktisk ikkje. Då arrangørane talde kor mange som hadde vore innanfor portane laurdag talde dei opp 38 316. Det er 3000 fleire enn den gamle rekorden frå 2003.
Trur ikkje ein kan ha så mange fleire
– Det skal store kultur- eller sportsarrangement for å trekkje så mange. At over 80 000 personar finn vegen til vesle Seljord i løpet av helga under det vêret som var er heilt utruleg. Me er kjempefornøgde, seier dagleg leiar, Geir Helge Espedalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Talet i seg sjølv er ganske utruleg på ein så liten stad som Dyrskuplassen jo er. For hadde Dyrskuplassen vore ein by og gjestene innbyggjarar i byen, ville det vore landets 16 største by denne helga. 2000 færre enn Bodø, men litt over 4000 fleire personar enn Nordens Paris, Tromsø. Espedalen trur ikkje ein kan ha så mange fleire samla på ein enkelt dag på Dyrsku’n.
– Me har inntrykk av at folk kom veldig samla på laurdag. Mange utsette nok turen då dei såg vêrmeldinga på fredag også. Me er opptekne at folk skal ha det komfortabelt og det var nok ikkje mange sitjeplassar igjen på laurdag. 38 000 er jo ein stor by og me må forvente at kan me få så mange fleire gonger, difor må me sjå på kva me kan gjere betre, seier sjefen.
Lange køar
Dagsrekorden merka ein også godt på trafikken både frå aust, vest og sør. Det var tidvis svært lang kø frå Bø på laurdag. Fleire brukte over ein halvtime i kø.
– Det var for mykje kø og me kunne nok gjort noko med det tidlegare. Me jobbar jo med den problemstillinga og ser på korleis me kan gjere køyremønstra betre. Me burde nok kanskje ha gjort noko med det tidlegare på dagen og kanskje delegert trafikken om Garvikstrondi. Dette må me evaluere i ettertid, seier Espedalen.
Uansett gjekk helga over forventning etter at vêrmeldingane hadde skremt folk med moglegheiter for ekstremvêr. Laurdag kom sola og varma, medan regnet kom tilbake på sundag, men i mildare form enn frykta.
21 021 personar bruka sundagen på landbruksfesten og det totale talet enda dermed på 80.616 besøkjande.
Espedalen fortel at mange aktørar fortel om omsetningsrekordar og alt nå vil bestille større plass neste år. Høgdepunktet for sjefen var verken Bård Tufte Johansen, sædtapping av okse eller Lothepus, men å gå rundt og sjå den store dugnadsinnsatsen.
– Eg er dyktig imponert over korleis arrangørstaben og dei friviljuge taklar så mange besøkjande. Det er det som står sterkast i minnet mitt når eg oppsummerer det helga. Det er forskjell på å arrangere ein dyrsku i solforhold og slik det har vore i år. Det betyr at beredskapen må fungere optimalt og det har det gjort i år synest me, avsluttar Espedalen.