Kåre Hafskjold, konstituert rådmann i Kviteseid kommune, trur omstruktureringar kan løyse den økonomiske situasjonen kommunen er i.
Kåre Hafskjold, konstituert rådmann i Kviteseid kommune, trur omstruktureringar kan løyse den økonomiske situasjonen kommunen er i.

På svartelista til departementet

Før helga bad Fylkesmannen Kommunal- og regionaldepartementet om å setje kommunen under kontroll. Bakgrunnen er at Kviteseid ikkje har klart å fylgje planen om dekkje inn underskotet frå 2001. Kåre Hafskjold, konstituert rådmann i Kviteseid kommune, trur det må til strukturendringar innafor skule- og helsesektoren for at kommunen skal kome ut av det økonomiske uføret.

13. februar fekk Kviteseid kommune den tvilsame æra av å bli registrert i det såkalla ROBEK-registeret, register for betinget godkjenning og kontroll. Kviteseid klarte ikkje å fylgje den vedtekne planen for dekkning av underskotet i 2001, og med ytterlegare underskot i både 2002 og 2003 er kommunen nå underlagt kommunal- og regionaldepartementet for kontroll og godkjenning i samsvar med paragraf 59a nummer 1 punkt d. Dette inneber at alle framtidige lån og langsiktige leigeavtalar som kan påføre kommunen eller fylkeskommunen utgifter over dei fire neste budsjettåra må godkjennast av fylkesmannen.

– Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg, men det var venta og ei stadfesting av det me visste; at økonomien er dårleg. I fyrste omgang får det nok ikkje så store konsekvensar, men kommunen er sett under ein viss form for administrasjon når det gjeld låneopptak, seier Kåre Håfskjold, konstituert rådmann i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må streng prioritering til på eventuelle investeringar, legg han til, og stadfestar at det ikkje blir nokon store lyft dei komande åra.

Hadde ein plan

– Me hadde ein plan for å dekkje underskotet for 2001. Denne rauk og det kom nye underskot. Nokre av årsakene til dette er dyre lønsoppgjer, uforutsette rekningar som ein stor KLP-premie og nedgang i folketalet, som gjev mindre i rammetilskot frå staten. Dessutan blei rammetilskotet frå staten mindre enn me hadde budsjettert med, forklarar Hafskjold.

Kviteseid kommune vedtok før jol eit budsjett der dei kutta 8,4 millionar kroner og 8,1 årsverk. Det var lenge debatt om skule- og helsestrukturen, men budsjettet blei vedtatt utan strukturendringar. No trur Hafskjold det ikkje er nokon veg utanom.

– Me må stramme inn livreima endå meir. Driftsutgiftene er høgare enn inntektene. Sjølv om me jobba bra under budsjetthandsaminga sist haust må det nok meir til for å få økonomien på fote. Det blei skore der det kunne, seier Hafskjold.

– Slik eg ser det må det endringar til i strukturane innafor både helse og skule. Men dette er ei politisk avgjerd, held han fram.

Hafskjold stadfestar at det framleis er aktuelt å flytte klassetrinn frå Brunkeberg til Kviteseid og skape eit oppvekstsenter i Brunkeberg. Forslaget blei skissert sist haust, men politikarane nekta å røre skulestrukturen.

– Delar av desse planane kan bli sett i verk. Eg trur det seinast må skje noko neste år. Me har også sett i gang ein prosess med ein konsulent som ser på moglegheitene for omstrukturering innafor helsesektoren, seier Hafskjold.

30 prosent svartelista

«Medlemsskapet» i ROBEK får ingen konsekvensar for budsjettet som blei vedtatt før jol. Dette fordi ordninga ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er i dag registrert 110 kommunar i ROBEK-registeret. Dette er 30 prosent av dei totalt 434 kommunane i landet. Kviteseid er den einaste kommunen frå Vest-Telemark som er registrert, men har fylgje av Porsgrunn, Skien, Kragerø, Notodden, Bø og Sauherad frå fylket.

Hogne West Furumo er økonomisk rådgjevar hos fylkesmannen. Han seier Kviteseid må lage ein plan for korleis dei vil dekkje inn underskotet og meiner det må til ei omstilling i kommunen.

– Eg veit at Kviteseid har gjort ein god jobb med budsjettet for 2004. Men kommunen har mange utfordringar og må lyfte på nye steinar. Dei må vidareføre prosessen dei har byrja på. Eg vil ikkje kalle det dramatiske å hamne i registeret, men det gjev eit signal til kommunen om at ein må gjera visse grep for å kome på rett kjøl att, seier han.

– Ikkje under administrasjon

West Furumo avviser at situasjonen er at Kviteseid er sett under administrasjon., og seier det er sjeldan så sterke verkemiddel blir tatt i bruk.

– Me gjev kommunestyret ansvaret for å rydde opp i eige hus og ser til at dette blir gjort på rett måte. Kommunen blir sett under kontroll, forklarar han.

– Kva er årsakene til at kommunar hamnar i registeret?

– Det er som regel samansette problem. Ein kommune som Kviteseid har låge inntekter, men dette er ikkje nødvendigvis hovudgrunnen til å kome i registeret.

– Trur du politikarane er redde for å gjere upopulære kutt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere tilfelle mange stadar. Men andre årsaker kan vere dårleg økonomistyring og uforutsette utgifter, seier han.

Gunnar Ruud (H) synest ikkje det er dramatisk å hamne under kontroll frå Fylkesmannen.

– Det er ikkje positivt, men eg trur ikkje det har noko praktisk stor tyding. Kommunen skal drive moderat og har ikkje planar om store investeringar dei komande åra. Det er nokså mange kommunar i dette registeret, seier Ruud.

Han ser ikkje strukturendring innafor helse- og skulesektoren som nødvendig.

– Det som er viktig er at budsjettet me no har vedtatt blir fylgt strengt. Formannskapet skal kontrollere dette kvar gong me møtest, informerer Ruud.

VTB lukkast ikkje å kome i kontakt verken med ordførar Torstein Tveito eller varaordførar Jonn Foldøy onsdag.