På topp ti på landsbasis
Tal frå Bokandlarforeininga viser at «Tørst» av Jo Nesbø (Aschehoug 2017) var den mest selde boka av skjønnlitteratur for vaksne. På neste plass kom «To søstre» av Åsne Seierstad (Kagge 2016), medan «Arv og miljø» av Vigids Hjorth (Cappelen Damm 2016) hamna på tredjeplass. Vår eiga Helga Flatland med «En moderne familie» (Aschehoug), hamna på tiandeplass.
Det finst fleire måtar å telje boksal på. Den norske Forfatterforening legg opplagstala til grunn. Også her toppar Nesbø statistikken med «Tørst» som er trykt i eit opplag på 300 000 ekseplar. På andreplassen kjem Jørn Lier Horst med «Katharina-koden» (Gyldendal), som har eit opplag på 80 000. Helga Flatlands «En moderne familie» er trykt i 60 000 eksemplar og enda på tredjeplass. Flatdalsforfattaren plasserte seg dermed framom store namn som Anne B. Ragde, Roy Jacobsen, Lars Saabye Christensen, Edvard Hoem og Herbjørg Wassmo.
Artikkelen held fram under annonsen.
(Kjelder: Nrk og Klassekampen)