Brakkelivet er i ferd med å ebbe ut for kommunetilsette i Fyresdal.
Brakkelivet er i ferd med å ebbe ut for kommunetilsette i Fyresdal.

På veg ut av kommunebrakkene

Fyresdal kommune har starta ein prosess der tilsette snart blir flytta ut av brakkelivet. Vidare plan er ei samla helseavdeling ved pleie- og omsorgssenteret (POS), og eit kultur- og oppvekstsenter rundt skulen.

Fyresdal kommune har starta ein prosess der tilsette snart blir flytta ut av brakkelivet. Vidare plan er ei samla helseavdeling ved pleie- og omsorgssenteret (POS), og eit kultur- og oppvekstsenter rundt skulen.

Geir Ufs

Artikkelen held fram under annonsen.

geir.ufs@vtb.no

Kommunestyret i Fyresdal har vedteke å løyve 680.000 kroner til nokre små byggjetiltak i samband med utviklingsprosessen i kommunen. Pengane går til tilpassing og ei mindre opprusting av kommunehuset og helsehuset. Vidare skal 400.000 kroner av potten bli bruka til eit skisseprosjekt for eit framtidig kultur- og oppvekstsenter, og eit samla helsetenestetilbod ved POS.

I desse kortsiktige tiltaka skal det vere med ei lita ombygging i kommunehuset for at ressursar frå ulike avdelingar kan utføre fellestenester. Sosialavdelinga blir flytta ned til helsehuset, medan kulturavdelinga skal inn i Gardar, bygningen like ved. Det er også sett av pengar til eit betre telefonsystem.

Møtelokal eller riving

Vegg i vegg med kommunehuset har fleire tilsette i årevis hatt arbeidsplassane sine i fem brakker. Når kultur og sosial flyttar ut av kommunehuset, gjev det rom for andre å kome seg ut av brakkene og overta ledig areal.

– I framtida kan me bruke brakkene til møtelokal. Kan me få rive brakkene, hadde det vore det beste, seier sektorsjef Arild Metveit i Fyresdal.

– Det må bli gjort noko meir med kommunehuset seinare. Me har eit frykteleg dårleg inneklima og har ikkje oppdatert hus, legg han til.

Fyresdal kommune har sett seg mål om å utvikle ressursane så godt som råd. I dag er helsepersonellet fordelt på helsehuset og POS. Den langsiktige planen er å ha desse tenestene samla ved pleie- og omsorgssenteret. Dagens helsehus blir då tilknytt kultur- og oppvekstsenteret.

Omfattande prosjekt neste?

Kommunen skal bruke 400.000 kroner på eit forprosjekt med tanke på å samle helsetenestene ved POS og ha eit kultur- og oppvekstsenter ved Gimle skule. Gamle teikningar over bygga skal over på data.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein del av pakka er også å lage nye teikningar for ei løysing på POS, slik at me etter kvart kan få eit totalt helse- og omsorgstilbod der, seier Metveit.

Elles skal kommunen finne ut om ein i framtida kan bruke dagens helsehus, i staden for å byggje ut skulen og barnehagen.

– Alt er eit stort og omfattande prosjekt med ein spennande tankegang. Forprosjektet som startar nå vil avdekkje kva totalkostnaden blir, avsluttar Metveit.