Kenneth Solås (t.v.) og Egil Moen håpar det vil gå varmt for seg når Seljordfestivalen startar. Alt i kveld reknar dei med at 400 campingjester innlosjerer seg på Dyrskuplassen.
Kenneth Solås (t.v.) og Egil Moen håpar det vil gå varmt for seg når Seljordfestivalen startar. Alt i kveld reknar dei med at 400 campingjester innlosjerer seg på Dyrskuplassen.

Peisar på med mykje nytt

Seljordfestivalen startar ikkje før i morgon, men alt i kveld er det kring 400 campinggjester venta.

– Me har utvida programmet ganske mykje i år. Det gjer me for å femne om eit breiare publikum, og for å kople festivalopplevinga nærare reiselivet, seier festivalleiar Egil Moen.

Show-pakker

Han seier at festivalen som i 2007 bytta namn frå Dansebandfestivalen til Seljordfestivalen, har endra seg mykje sidan starten for 16 år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før var det rein dansebandmusikk. Det er framleis slik musikk, men i tillegg er det mykje meir. I år har me mellom anna med eit band som har spesialisert seg på å spele Creedence-musikk, medan eit anna band spelar gamle Buck Owens-låtar. I tillegg har me showpakker der mellom andre Frithjof frå Ytre Enebakk (Øyvind Blunck) vitjar oss. Det same gjer Paal Flaata, Vidar Busk og Stephen Ackles med Elvis-showet dei har farta land og strand med, forklarer Moen.

I tillegg kjem også Heine Totland innom Seljordfestivalen. Dermed blir programmet utvida monaleg for om mogleg å gje dei aller fleste noko dei kan like.

Aktivetar på land og vatn

Personal- og prosjektkoordinator Kenneth Solås fortel at det i år vil vere fleire aktivetar som deltakarane kan melde seg på. Fjorårets kanaltur med MS Henrik Ibsen frå Kviteseid til Lunde blei ein suksess, og derfor blir tilbodet gjeve både torsdag og laurdag.

– Om bord vil det vere levande musikk, og busstransport er sjølvsagt ein del av pakka. Nytt i år er tilbod om tur til Gaustatoppen. Me stiller med buss og planen er at deltakarane kan ta Gaustabanen til toppen. Dei som likar seg i skog og mark får tilbod om å vere med på tur til Fjellstaul i Åmotsdal, seier Solås, og legg til at 250 alt har meldt seg på sistnemnde tur.

Fleire deltakarar i år

Arrangørane fortel at det i fjor var om lag 15 000 innom festivalen, medan det i toppåret 2008 var om lag 20 000 innom.

– Me har hatt ein liten nedgang dei siste åra, men i år ser det ut til at me kan rekne med ein auke att. Pågangen har vore større i år, så eg er glad for at me no har stabilisert talet på deltakarar, og at me kanskje kan få ein liten auke i år, smiler Moen.

Greitt å skaffe arbeidskraft

Solås fortel at rundt 300 personar er i arbeid under festivalane. Det inkluderer alle, også lag og foreiningar som har teke på seg ein jobb for å tene pengar til klubbkassa.

– Det har vore greitt å få tak i folk til å jobbe, og det er verdt å skryte av alle dei som gjer at festivalane blir vellykka, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Festivalane betyr mykje for næringsliv og for aktiviteten i mange lag og foreiningar. Og eg er samd med Kenneth i at mange gjer ein solid jobb for å gjennomføre festivalane på ein god måte. No håpar eg at telemarkingane tek turen innom festivalen, ikkje minst for å oppleve dei nye tilboda våre, avsluttar Egil Moen.