Pensjonistlag vil sette opp utedo
Kåre Edland er irritert over at Vegvesenet ikkje har toalett ved den store og skilta parkeringsplassen i Edland. Blir ikkje noko gjort, vil pensjonistlaget sette opp utedo i området.
Inntil E 134 rett ved avkøyringa til gamlevegen gjennom Edland har Vegvesenet ein skilta og stor parkeringsplass. Rett som det er vel lastebilsjåførar og andre bilistar å overnatte på plassen. Resultatet av det kan ein sjå i buskane og skråninga like ved.
Folk hukar seg ned og gjer i frå seg, men kva anna skal dei gjere når dei må på do? Her finst ikkje eit einaste toalett på den flotte parkeringsplassen, ristar Kåre Edland på hovudet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skammeleg og flaut
Han bur slik til at han kan sjå ned på parkeringsplassen. Det har i lange tider irritert han grueleg at det ikkje er toalett der. Like ved er det kloakknett, pumpe og straum, så Edland meiner det er lettvint å ordne saka.
Grendelaget har tatt opp saka med kommunen og påpeika forholdet, men ingen ting skjer. Når Vegvesenet skiltar med parkeringsplass, må dei kunne halde toalett. Kva seier helsestyresmaktene til ein slik stoppestad når folk må gå på do i buskane, og det like ved renn ein bekk som endar i vassdraget nedover, undrar Edland.
Han meiner det er skammeleg og flaut at Vegvesenet ikkje har gjort noko med forholda.
Og dette skal liksom vere ein stamveg Me kan ikkje ha ein sommar til utan do her. Om ikkje Vegvesenet har råd til å byggje toalett, skal søren meg me i pensjonistlaget sette opp ein utedo, avsluttar Edland, som er leiar i Øvre Vinje pensjonistlag.
Etterlyser autovern
Dette er den styggaste plassen eg veit om langs E 134, seier ein engasjert Kåre Edland om ei 500 meter lang strekning mellom Tveiten og Grunge kyrkje.
På strekninga er det smal og svingute europaveg, og det manglar autovern. På utsida går det bratte skråningar mange meter nedover. Edland fortel at sist vinter låg ein trailer heilt på kanten av skråninga og heldt på å velte nedover bratta.
Kvart år er det trøbbel for trailerar og bilar på strekninga, men det har heldigvis gått bra til no. Vegvesenet bør ta eit ansvar her med å få opp autovern. Det er heller ikkje skilta i området, seier ein oppgjeven Edland, og inviterer Vegvesenet for å sjå på sakene han er oppteken av.
Vegvesenet vil sjå på sakene
Senioringeniør John Holskar Nilssen i Vegvesenet, Øvre Telemark distrikt, kjenner ikkje til at det har kome ynskje frå grendelaget i Edland om toalett ved den store parkeringsplassen ved E 134.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viss det viser seg at det er stort behov for toalett der, er det klart at dette går an å vurdere. Denne saka vil eg undersøkje nærare, seier Holskar Nilssen.
Men han har høyrt nyss om at det er ynskjeleg med autovern langs strekninga mellom Tveiten og Grunge kyrkje.
Det er ei kjent sak at denne strekninga er svingute og til dels veldig smal. Eg veit om fleire køyretøy som har vore utfor både på innsida og utsida av E 134. Det er stort behov for rekkverk både på riks- og fylkesvegnettet, men me har avgrensa med midlar. Eg skal sjå nærare på saka om autovern i området det er snakk om, lovar senioringeniøren.
Kåre Edland inviterer deg opp til å sjå på det han etterlyser?
Eg har ikkje noko imot det, og me får sikkert til å møtast, svarar John Holskar Nilssen.