Peparkakebaking i barnehagane
Som mange år tidlegare har Meny Seljord eit koseleg samarbeid med begge barnehagane i Seljord. Meny gjev «råvarer» og dei kreative barnehagetilsette, og alle smårollingane, kjem med fine resultat. I år er det peparkakehus, sjøormen, Heilag-Olav og Skåne ved kyrkja, pluss sjøormtårnet i tre. Dette er utstilt på Telesenteret i Seljord.
– Me vil oppfordre bedrifter og private til å koma med bod på desse. Inntekta av salet går til Redd Barna, melder Kai Teigen ved Meny Seljord.