Petit: Nei, Imma Sudigard har ikkje førehandsrøysta
Imma er av dei som framleis høyrer på radio. Helst på NRK P1, fordi det er så plundresamt å leite seg fram til andre kanalar. Så ho skrur på radioen, og der masar dei om førehandsrøysting. Så og så stor prosent av dei røysteføre har alt stemt, seier dei. Dette er ikkje fyrste gongen ho blir minna om at det er mogeleg å gjera unna den offentlege handlinga på førehand. Greitt nok for pendlarar og studentar, tenkjer Imma, som også i år ser fram til den store valdagen.
Ho minnest godt det året ho var gamal nok til å gå til vallokalet og levere røystesetelen sin. Kor vel ho hadde sett seg inn i lokalpolitikken er ikkje godt å seie, men ho hugsar klårt den litt infame, tilfredsstillande kjensla av å setje ein stor tjukk strek over namnet til den maktsjuke grannen, til den fine frua i byggjefeltet som trur ho er noko og til sonen til han som bestefar hennar låg i strid med om fiskeretten i Djupvatnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Imma saknar det å kunne stryke kandidatar, men litt nedpå med pennen må ho likevel. Ho vurderer nokre av namna som personar med integritet; dei er heil ved, så langt ho har oppfatta. Dei utvalde blir kumulerte.
På valdagen er Imma noko så mykje meir enn det ho er til kvardags. På vanlege dagar har ho ei mengd ulike roller som krev ulike sider av henne. På valdagen er ho i tillegg ein borgar. Ei viktig brikke i samfunnsmaskineriet. Ho gler seg til den store dagen, men kjenner også ei lita murring. Ho håpar opplevinga blir fin. Kanskje treffer ho nokre kjentfolk på trappa til vallokalet, som ho kan slå av ein prat med, og kanskje er det litt venting på tur inne i rommet. Om ho ikkje kjenner alle, kan ho gjeta for seg sjølv. Hmm, ho der liknar på Austigardsfolket, det må vera dotter til Anne. Og han der, skal tru om det ikkje er han som har kome heim att frå byen for å ta over odelsgarden.
Spent går ho fram til der dei sit med dei store protokollane, «dei som har noko med det». Ho håpar at dei ser opp, smiler og helsar. Før dei blar opp på rett side i manntalet og fører peikefingeren nedover til dei stoppar ved namnet hennar og set eit tydeleg kryss. Det er då ho kjenner det med heile seg: Eg er ein borgar som gjer plikta mi.
Slik vil ho at valdagen skal bli. Ikkje eit slikt nederlag som ho opplevde ved sist val. Då gjekk ho som vanleg fram til bordet der representantane for valstyret sit. Ho kjende dei alle ved namn og helsa høfleg. Ingen kikka opp før den eine spurte etter namnet. Det søkk i ho. Ehh – ho som hadde budd i bygda all sin dag? Og som Imma var heilt sikker på at visste namnet hennar? Veljaren kjende ho blei mindre og mindre der ho stod – andlet til andlet mot sjølvaste makta.
Imma feiar frykta bort, men greier ikkje heilt å fri seg frå tanken om at fleire og fleire veljarar i det som for få år sidan var eit nært og tett bygdesamfunn, i staden for å stå rakrygga og stolt i vallokalet, kjenner seg liten og audmjuka. Ho har nemleg blitt fortalt at talet på valkrinsar stadig blir redusert. Ikkje ein gong annankvart år har kommunen lenger råd med å vise seg i grenda. Statistikken fortel at sidan årtusenskiftet har talet på valkrinsar i Vest-Telemark blitt halvert. Imma fryktar for kva denne utviklinga har å seie for den lokale identiteten til grenda og for tilhøyret til kommunen.
Trass i utviklinga vil Imma i år, som alle tidlegare valår, kle seg fint, om ikkje så korrekt som til gravferd, men likevel – og ta turen til vallokalet. Og når ho kjem heim att kan ho fortelje om kven andre som var der og røysta i dag: Tor som bur så nær at han kom på sykkel, og var søylete oppover heile buksebeina, ekteparet Gudrun og Ivar som vel ute att etter å ha utført borgarplikta si kunne fortelje om den særs gode eplehausten, særleg for signe tillisch, haugmann og gravenstein, og trur du ikkje den slampen borti Nedgarden også hadde blitt myndig?
Godt val!
P.S. Me har alle noko med det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei som har noko med det
det var dei som vætte svampen
for læraren
valde lag i friminutten
og sytte for at du blei med
for kjøt og flesk
Dei som hadde noko
med det
Artikkelen held fram under annonsen.
det var dei som smidde
talglys utover ungdomshusgolvet
før dei stilte seg i døra
med kvitt armbind og snudde
handflata imot deg
når dei meinte du var for glad
til å dansa
Dei som hadde noko
Artikkelen held fram under annonsen.
med det
dei var dei som skudde
ungane dine på plass
i rekkja i 17. mai-toget
som hadde dei lengste sløyfene
på gabradinfrakkane
som bles ein-to-tre-fire
i mirkofonen
Artikkelen held fram under annonsen.
før dei stilte seg attmed
talaren med paraplyen over han
Dei som hadde noko
med det
det er dei som kjem heim
ifrå M ø t e t
viss han ikkje ser det utanpå dei
med det same
Artikkelen held fram under annonsen.
som skrir ordlause til sengs
og vekkjer kona morgonen etter
med den eldgamle vitsen:
kone, i natt sov du
attmed ein varamann
Dei som har noko
med det
Ingvar Moe (Frå diktsamlinga Himabrent, Samlaget 1979)