PHS Eiendom
Rune Larsen i PHS Eiendom seier mykje av avfallet deira blir køyrd til mottaket i Åmot på tilhengarar.
– Me ber arbeidarane sortere i to haugar, ein med treverk og ein til anna avfall som me køyrer vekk, seier Larsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva skjer med treverk-haugen?
– Tja. Det hender vel den blir brent, seier han.
– Men me har fått påpakning frå grunneigarar om at me må stramme inn, så me er i gang med tiltak. Me må lytte og ta det på alvor.
– Kva tiltak?
– Ikkje anna enn at me har informert gutane nok ein gong om at dei ikkje må brenne noko av avfallet. Men me har også gått meir og meir over til byggjesett – og då blir det ikkje så mykje avfall, seier Larsen, og legg til:
– Me prøvar å halde gjengen i øyro, men det er ikkje alltid så enkelt. No har me fått påpakning. Då må me lytte til det og ta det på alvor.
– Så når me kjem att om eitt år er alt mykje betre?
– Ja, me er i gang, svarar Larsen.