Det var mange i sving då Juan Gutiérrez-Maupomé hadde kurs i mexicanske rettar på Edland.
Det var mange i sving då Juan Gutiérrez-Maupomé hadde kurs i mexicanske rettar på Edland.

Plass til fleire i integreringsgruppa

– Me kunne godt tenkje oss fleire frivillige til dei ulike treffa og aktivitetane våre, seier talsperson Kristina Vaitkuviene.

Laurdag vart det laga mexicanske rettar på skulekjøkkenet på Edland. Det var integreringsgruppa for flyktningar i Haukeli og Edland som skipa til matlagingskurs med Juan Gutiérrez-Maupomé frå Eidsborg.

­– Me laga forskjellige rettar og åt i lag. I tillegg snakka eg litt om Mexico, og underviste litt i ulike kokekunstar, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier det var om lag litt over 20 deltakarar på kurset og han trur dei var nøgd med opplegget.

– Det er jo ein del rettar frå Mexico som krev andre krydder og råvarer enn ein får tak i her i Noreg, men eg trur me fekk laga spanande mat likevel. Eg trur det fall i smak, seier Gutiérrez-Maupomé.

Ulike aktivitetar

­­– Integreringsgruppa i Haukeli og Edland driv med forskjellige intergreringstiltak i lokalsamfunnet, fortel Kristina Vaitkuviene.

– Me har leksehjelp for flyktningar, språk-kafè og noko som heiter Levande bok. Det er eit konsept me har lånt frå folkeakademiet i Vinje. Det går ut på at alle mennesker er ei bok. Dei har ei historie. Denne historia kan dei fortelje i sosialt samvær med andre, seier Vaitkuviene.

Ho fortel at gruppa har mange planar, men treng fleire frivillige. Blant anna håpar ho ein kan få steldt i stand baking av jolekaker når høgtida nærmar seg.

– Det er viktig at dei nykomne blir integrert, og det skjer best gjennom lokalsamfunnet. Det er eit mål at dei nye ikkje skal vere nye i all framtid, seier ho.

Lettare å prate medan ein gjer noko

– Matlagingskursa er ein god møteplass, fortel Vaitkuviene.

– Her treng ein ikkje mykje småprat før ein er i gang. Når ein gjer noko saman, flyt praten mykje lettare. Og mat lagar me jo alle saman. Det er enklare å integrerast rundt grytene. Mat speglar kulturen, og ein kan bli betre kjend med kvarandre gjennom matlaging, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensjonistane er veldig flinke til å møte opp på aktivitetane til gruppa.

– Me er ute etter folk i alle aldrar. Alle er velkomne her, seier ho.