Plettfritt, pensjonistar!
Eit talrikt publikum lét seg forføre av revyskodespelarane i Seljord Pensjonistlag onsdagskvelden.
Granvin Kulturhus var fylt til siste benkerad, og vel så det, då Seljord-pensjonistane baud på «Kåns Revy». Revyskodespelarane makta å halde publikum i ande med fiffige formuleringar, pikante presiseringar, artige assosiasjonar, ironiserande imiteringar og kontante kommentarar.
Den evige strid
Ikkje minst var desse ingrediensane sentrale i innslaget «Gode grannar». Ein kviteseiding, i Jon Storlids person, var på tur til Seljord for å kikke på eit hus som var avertert til sals. Då kviteseidingen trefte ein seljording var røun i gang. Praten dei imellom gjekk på kven som har det best kviteseidingen eller seljordingen. Kviteseid har fullt av skjenkjeløve, både ved Morgedal Hotel og hotella i Vrådal, sa han eine. Men Seljord har då Nutheim, Sjøromen og Seljord Hotel, sa han andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, for ikkje å snakke om kommunehuset. I Kviteseid har de eit kommunehus like flott som eit rådhus. Men kva har me i Seljord? Kommunehuset vårt liknar mest på eit sauefjos, sa seljordingen, sett i scene av Kaare Tveiten.
Midt i seansen kom kviteseidingens syster, i Ragna Klosters figur, diltande. Kviteseid-dama hadde teke seg ein sveiv innom Telesenteret, og då seljordingen møtte henne blei han svært fascinert. Seljordingen spanderte brennevin på kvitesedingen, prata fint om syster hans, og mannfolka kom på skikkeleg godlune. Men, så viste det seg at syster av kviteseidingen var gift. Då fekk pipa ein annan låt i seljordingen.
Huff, då var det vel til inga nytte at eg gav bort det kostbare brennevinet. Og attpåtil til ein kviteseiding. Hu,hu, mumla han.
Viagra og Podagra
I løpet av den vel ein time lange revyen presenterte dei ti skodespelarane tolv innslag. Ein av programpostane tok for seg Viagra. Eller Podagra, om ein vil.
Eg har så veldig vondt i stortåa mi, men då eg kom til legen gav han meg Viagra, klaga ei av kjeringane (Ragna Kloster).
Det er då ikkje Viagra du har fengje kan du skjønne og begripe. Eg trur du er aldeles på jordet, eg. Du har fengje Podagra. «Pod» står for fot og «agra» står for angrep. Podagra betyr derfor fotangrep, og desse tablettane kjem til å hjelpe på plagene dine. Personleg trur eg dette fotangrepet kjem seg av all denna raudvinen du bælmar i deg, men fyrst og fremst rår eg deg til å kaupe deg både lesebriller og høyreapparat. Du verken ser eller høyrer, sa den andre kjeringa, sett i scene av ei glitrande god Nanna Østtveiten.
Harrytur og string-BH
Revyen bar preg av sjølvironi. Spesielt harry-turen til Sverige slo godt an i så måte.
Eg kjøpte 12 flasker vin då eg var i Sverige, sa den eine kjeringa (Ragna Kloster).
Artikkelen held fram under annonsen.
Herremann! Det er då ikkje vin du har kjøpt. Du har kjøpt 12 flasker saft. Jordgubbsaft, forklara den andre kjeringa (Nanna Østtveiten).
Det var då voldsamt tregaleg. Og eg som har kjellaren full av saft, sa ho andre att.
Det var ikkje bare saft damene kom heim att med etter harry-turen.
Eg kjøpte med meg ei stringtruse og ein string-BH. String-BHen festar ein rundt kvar pattevorte med krok og lykkje på denna måten. Det er i alle fall sikkert at ingen i Nordbygdi har maken, briljerte ho.
Tekstforfattar Eiesland
Revyen er skriven av Magne Eiesland og aktørane i «Kåns Revy» var: Kåre Barsgård, Kirsten Eiesland, Magne Eiesland, Anne Jamgrav, Ragna Kloster, Jon Storlid, Kåre Svartdal, Ingebjørg Sælid, Kaare Tveiten og Nanna Østtveiten. Musikken tok Øyvind Bangor seg av, Knut Espelid sytte for ljossettinga og lydmann var Tobben Barstad.