Det mangeårige lensmannskontoret i Fyresdal er snart historie. Kommunen og politidistriktet har laga samarbeidsavtale der det mellom anna står kva politiet skal ha fokus på framover, til dømes å rykke ut ved melding om ulovleg køyring.
Det mangeårige lensmannskontoret i Fyresdal er snart historie. Kommunen og politidistriktet har laga samarbeidsavtale der det mellom anna står kva politiet skal ha fokus på framover, til dømes å rykke ut ved melding om ulovleg køyring.

Politiet kjem ved melding om ulovleg køyring

I ei samarbeidsavtale med Fyresdal kommune lovar politiet å rykke ut ved melding om ulovleg køyring. Vidare skal ein politikontakt ha fast kontordag kvar veke i bygda når lensmannskontoret snart blir lagt ned.

Eit samrøystes Fyresdal kommunestyre har godkjent ei samarbeidsavtale mellom kommunen og Sør-Øst politidistrikt. Avtala er laga for å forplikte både politidistriktet og kommunen til å arbeide for at innbyggjarane skal ha ein trygg og god kommune å bu i.

Politiet skal, representert ved politikontakten, ha ein fast kontordag i Fyresdal kvar veke, etter at lensmannskontoret i kommunen snart blir lagt ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skal det vere eit politiråd sett saman av politikontakten, ordføraren, rådmannen og ein representant frå skule/ungdomsarbeid. Politirådet er politiet og kommunen sitt formaliserte samarbeidsforum for det lokale kriminalitetsførebyggjande arbeidet, samordning av beredskapsplanar og arbeid med samfunnstryggleik.

I avtala står det vidare om lokale mål og oppfølging av førebyggande arbeid retta mot barn og unge:

* Politiet skal fleire gonger i året vere synleg i ungdomsmiljøet – og møte opp i ungdomsklubben fleire gonger i halvåret.

* Politiet skal ha fokus på rusførebyggande arbeid og ha eit samarbeid med skulen om dette.

* Politiet skal ha fokus på bruk av motorkøyretøy, og saman med skule samarbeide for å forhindre ulykker.

* Politiet skal ha fokus på trafikktryggleik og involvere seg i barnehage og ved skulestart.

* Politiet skal ha fokus på at køyring i ruspåverka tilstand ikkje finn stad både ved å førebyggje og å vere til stades ved arrangement der dette kan skje, tilfeldige kontrollar og rykke ut ved melding om ulovleg køyring.

* Politiet skal ha fokus på ulovleg køyring med snøskuter, ATV og anna for å redusere faren for at alvorlege ulykker kan skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Politiet møter éin gong i året i REMNF (det lokale rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne) for å drøfte tryggleik for eldre og rørslehemma i lokalsamfunnet.