Politiet: Slikt skal ikkje skje
Lensmann Marie Kornmo Enger hadde ikkje fått noko melding lokalt i jaktsaka då VTB tok kontakt i går føremiddag.
– Dette er kjempealvorleg, slik skal ikkje skje, seier lensmann om episoden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva kan politiet gjere med denne saka?
– Me har ingen opplysningar, og klarer ikkje å spore eigar på nokon hagl. I ei sak som denne er det utfordrande å finne gjerningsmannen. I slike saker er det viktig at politiet kjem tidleg inn, til betre klarer me å handtere det. Og det er bra om grunneigarar fylgjer med og gjerne rapporterer til oss om dei møter folk som ikkje skal vere der, svarar Enger.
– Kva synest du om Facebook-meldinga dei tre grunneigarane la ut dagen etter hendinga?
– Den er fin, svarar Enger.