Trude Lundevall opna frisørsalongen Balanzera i Kviteseid i 2018.
Trude Lundevall opna frisørsalongen Balanzera i Kviteseid i 2018.

Politikarane gjev 40 000 i tilskot til Balanzera

Formannskapet løyver 40 000 kroner i tilskot til frisørsalongen Balanzera ved eigar Trude Lundevall. Ho har sidan 2008 vore eigar og fagleg leiar av Balanzera. I dag har Balanzera to salongar i Oslo, og hausten 2018 etablerte dei ei ny avdeling i Kviteseid.

Balanzera er ein grøn frisørsalong. Klima- og miljøutfordringar er noko forbrukarar i dag er meir opptatt av enn nokon gong. Eit tilsvarande tilbod som Balanzera finst ikkje i regionen frå før, heiter det i saksutgreiinga.