Randi Høgset og Hannad Hassan Samahle i 9. klasse på Åmot skule trur eit felles ungdomsråd kan vera veldig lurt – men dei vil ikkje ofre andre fritidsaktivitetar for å vera med.
Randi Høgset og Hannad Hassan Samahle i 9. klasse på Åmot skule trur eit felles ungdomsråd kan vera veldig lurt – men dei vil ikkje ofre andre fritidsaktivitetar for å vera med.

Positive til ungdomsråd – med ein føresetnad

Niandeklassingane i Åmot svarte stort sett positivt på spørjeundersøkinga til Gunhild Kvålseth. Men dei er ikkje villige til å ofre andre fritidsaktivitetar for eit felles ungdomsråd i Vest-Telemark.

Onsdag førre veke besøkte samarbeidsmeteorologen 9. klasse ved Åmot skule for å høyre med dei korleis dei stilte seg til eit felles ungdomsråd i regionen. 

– Eit ungdomsråd er eit råd med eit styre og medlemar, som kan vera ei stemme for ungdommen. Om eg til dømes har veldig lyst til at me skal ha ein ungdomsklubb her i Vest-Telemark kunne eg teke det opp i ungdomsrådet og så kan dei ta det vidare til kommunane. Eg har difor laga ei spørjeundersøking til dykk med spørsmål om kva de trur om eit slik ungdomsråd, sa Kvålseth til jamaldringane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som hadde mobiltelefon tilgjengeleg svarte på spørjeundersøkinga Kvålseth hadde laga på Facebook. Der svarte alle at dei ikkje ville prioritert eit ungdomsråd før andre fritidsaktivitetar. I konklusjonen i rapporten ho har skrive frå veka, heiter det: «Difor kan ein konkludere med at eit ungdomsråd kan vera ein veldig nyttig del av ein tettstad eller distrikt. Det verkar som om ungdommen i Vest-Telemark har lyst til å seie meiningane sine, men vel heller fritidsaktivitetar framfor eit ungdomsråd. Om ein då skal ha eit felles ungdomsråd må ein finne dei som interesserer seg for politikk, og vel dette som ein hobby framfor mykje anna. Det er nok eit ynskje og ei framtid for eit felles ungdomsråd i Vest-Telemark, men fyrst må ungdommane få meir informasjon.»

Håpar på felles ungdomsklubb

Etter at niandeklassingane hadde svara på undersøkinga til Kvålseth, hadde to av elevane litt meir å seie om saka.

– Me hadde ikkje høyrt om dette tidlegare, så det kom litt brått på, seier Randi Høgset.

– Det høyrest veldig lurt ut med ungdomsråd, seier Hannad Hassan Samahle.

– Det er mange ungdomar som har forslag på korleis ting kan bli betre, men det tek veldig lang tid før noko skjer. Her på skulen har det kome forslag i årevis, men det skjer som regel ikkje noko. Slik som den skaterampa her ute til dømes, den ønskte me oss i fleire år. Det var vel elevrådet som masa seg til ho til slutt, ler Samahle.

– Ja, eit ungdomsråd blir på ein måte eit større elevråd.

– Det høyrest veldig lurt ut, svarar Samahle.  

– Kunne de tenke dykk å vera med der sjølve då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det trur eg ikkje eg har tid til, seier Høgset.

­– Viss det ikkje krasjar med fotballen, så, seier Samahle. 

– Eksempelet til Gunhild med ein felles ungdomsklubb er veldig bra, synest eg.  Me er ikkje så godt kjent med folk frå andre kommunar. Me på skulane i Vinje er ganske kjent, og med dei i Tokke, men ikkje med Kviteseid og Seljord til dømes. Så det hadde nok vore lurt, seier Høgset.

Tilrådinga i rapporten til Gunhild Kvålseth er:

«For å prøve å engasjere ungdom er det viktig å informere, og gjere eit ungdomsråd attraktivt. Dersom ein får til eit ungdomsråd er det lurt å ikkje gjere det for omfattande slik at ungdommane vel andre fritidsaktivitetar framfor ungdomsrådet. Det gjeld å finne ungdommar som er interessera, frå både større tettstader og små bygder. Dersom ein set opp resultatet av svara både frå dei vaksne og ungdomane som har svara, verkar som om dei vaksne er meir positive til eit ungdomsråd enn det ungdomane er sjølve. Difor er det kanskje lurt å vente til ungdomane sjølv finn ut at dei ynskjer eit felles ungdomsråd. Å nå ungdom på deira arena, er viktig. Difor kan bruk av internett for å finne, og få informasjon vere ei god løysing på å finne ut kva ungdom meiner om samarbeidet i Vest-Telemark.»

Politikarane seier ja

I kommunestyremøtet i Kviteseid torsdag kveld la Kjartan Lid – som var ordførar i arbeidsveka – fram saka om å opprette eit felles ungdomsråd.

Eli Taugbøl Bang (V) meinte det var eit veldig godt forslag. Einar Søreide (Ap) var einig, og håpa det kunne bli oppretta så fort som mogleg. Anne Birgit Sollid (Sp) var også utelukkande positiv.

– Eg blir glad av så engasjert ungdom, og tenker at dette er eit ledd i å rekruttere framtidige politikarar, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle politikarane i Kviteseid var positive til eit ungdomsråd i regionen.