Presenterte nye skuleplanar
Tilsette ved montesorriskulen i Åmotsdal informerte bygdefolket tysdag. – Me gler oss til dei ti elevane kjem til fyrste skuledag måndag, uttala lærarane Erik Sanders og Barbara Poutsma.
Styreleiar for Åmotsdal montesorriskule, Vincent ’t Hart ynskte velkomen til informasjonsmøte om privatskulen som opnar måndag. Om lag 30 personar hadde møtt fram, mange av dei føresette til elevar ved skulen.
Etter to år utan skule i bygda opnar Åmotsdal montesorriskule dørene for ti elevar mellom 6 og 12 år måndag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– 10 elevar er ein lovande start, seier Gunnar Snarteland som sit i styret for montesorriskulen i Åmotsdal.
Han fortel at skuletilbodet er gratis for elevane, og at det kvar dag blir servert mat på skulen – nokre dagar varmmat.
– Og alle elevane skal ha symjeundervisning, då reiser dei saman med minibuss til Rauland, fortel Snarteland.
Frå Nederland
Begge lærarane som skal undervise ved skulen kjem opphavleg frå Nederland og skal undervise i alle realfag.
– Eg er ein nederlandsk Oslo-gut som kom til Noreg i 1985. Eg har mellom anna studert russisk og jobba litt i militæret. I 1990 starta eg å arbeide på ein montesorriskule, og dette er den fjerde skulen eg er med å starte, seier Erik Sanders.
Han vil vekependle frå Oslo, og gler seg til å bu i bygda og gå på turar i Åmotsdal.
Barbara Poutsma fortel at ho har allmennlærarutdanning frå Nederland og at ho også har utdanning og erfaring frå politiet.
– I 2007 flytta eg og familien til Noreg og busette oss i Tørdal. Der bur eg med mannen min og tre søner. Etter eg kom til Noreg har eg jobba som avløysar og lærar på to av grendeskulane i Drangedal. Dette skuleåret vil eg utdanne meg innan montesorripedagogikken, noko eg starta med i sommar, fortel Poutsma som vil pendle til Åmotsdal frå Tørdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sunt bondevett
Erik Sanders ynskjer å auke kunnskapen om pedagogikken montesorriskulane nyttar.
– Me er ikkje ei skummel sekt som går med svarte kapper og mumlar rare ord. Pedagogikken me nyttar i Montesorri er bygd på sunt bondevett sett i system, det er ikkje noko hokus-pokus. Me ser på kvart barn som ein individuell elev der alle får sine planar med aldersintegrert undervisning. Sjølv om elevane har ulik alder vil barna få mykje undervisning saman fordi det har ein pedagogisk meirverdi. Målet vårt er at kvar elev skal ha stor framgang i alle fag. Det er ein skule med fridom under ansvar, og me lærarar skal ha hovudansvaret, seier Sanders.
Han fortel vidare at skulen også legg opp undervisninga med lengre arbeidsøkter enn det den offentlege skulen nyttar, og at dei vil ha ein dag med uteskule kvar veke.
– Me startar skuledagen med ei tretimarsøkt. Dette gjer me for at elevane skal få høve til å konsentrere seg, ikkje bli avbrote med nye fag heile tida. Elevane får arbeidsoppgåver som går heile veka. Det er lite heimearbeid, men det stemmer nok ikkje at skulen er heilt leksefri slik mange trur, seier Sanders som gjerne vil vise alle som undrar korleis skulen jobbar.
– Velkomen til skulen, her er plass for å observere. Set deg ned med ein kaffikopp og still gjerne spørsmål etter undervisninga er over, smiler han.
Gler seg
Då skulen i Åmotsdal blei lagt ned i 2013 var det 23 elevar som måtte flytte til barneskulen i Flatdal. Nå er ti barn klare for skulestart i heimbygda att. Når den niande montesorriskulen i Telemark opnar dørene. I Noreg har det vore montesorribarnehagar sidan 1969 og montesorrigrunnskular sidan 1989.
– Me gler oss til å starte med ti elevar, og trur heilt sikkert det vil bli fleire elevar etterkvart. Åmotsdølane har verkeleg gjort ein kjempeinnsats for å få dette til. Og me skal få skuta til å segle i full prakt, seier Sanders, og Poutsma nikkar samd.
I haust vil alle elevane vere mykje saman, og lærarane vil rette undervisninga til dei fem forteljingane om livet. Elevane på montesorriskular får høyre forteljingar om universets opphav, dei fysiske lovene som styrer universet og korleis livet har utvikla seg på jorda.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vil starte med The big bang og gå vidare til livet, mennesket, skrift og tale. Me vil bruke nærområdet mykje i undervisninga og leggje opp til ei tverrfagleg undervisning som har mykje innhald og er lærerik. Eg veit Åmotsdal har mykje å by på, seier Sanders.
Pussa opp
I sommar har det vore stor aktivitet på skulen. Åmotsdal montesorriskule leiger skulebygget av Åmotsdal grendehus, og mange har stått på for å ruste opp skulebygget og uteområdet.
Leikeapparata ute er reparert, det er måla og olja ute, og gangen inne på skulen er nå blitt ljos med fargerike innslag.
– Og me har eit fantastisk skulebibliotek her, smiler Sanders.
Kurs for vaksne
Lærarane ynskjer å samla vaksne utover hausten for å informere alle som ynskjer å vite litt meir om montesorripedagogikken, og høyre meir om korleis ting blir gjort ved skulen.
– Me legg opp til fire kurskveldar i haust retta mot foreldre, besteforeldre eller andre som er interesserte, seier Sanders.
Han seier også at lærarane og skulen ynskjer å samarbeide med barnehagen i bygda.
– Me skal ha eit møte med barnehagen denne veka, og ser mellom anna føre oss at elevane kan ha lesegrupper for barnehagebarna og at me kan reise på tur saman, seier han.